I november rekna Kvarteret dei skulle gå 1 million i underskot for 2022. No viser årsregnskapet eit underskot på det dobbelte.

DÅRLEGARE OG DÅRLEGARE: – Me såg jo gradvis at det vart dårlegare og dårlegare, seier økonomiansvarleg, Claus Kristian von Münchow, om 2022. Her med dagleg leiar Sara Mørland. FOTO: Maiwenn Knapskog


Studvest skreiv i november i fjor at Det Akademiske Kvarter låg an til eit underskot på ein million kroner. No, eit halvt år seinare, viser årsrekneskapet at tapet er meir enn dobla, til 2.3 millionar kroner. – Dei siste månadene var så mykje dårlegare enn dei andre. Det var færre arrangement enn planlagt, og dei trakk ikkje like mykje som … Read More

Laurdag 29. april var det duka for Bergen City Maraton. Nokre som har forberedt seg godt er springegruppa til det juridiske fakultet, Lovstafetten Bergen, og Marcus Conesa frå BTSI Løpegruppe.

Foto: Privat


– Det er tradisjon, og me melder oss på BCM-stafetten kvart år. I fjor vann både MIX-laget vårt og damelaget vårt, og me håpar å gjenta suksessen i år, fortel Kristine Bjerkestrand Haugsvær (26). Forventningane til helga manglar altså ikkje. – Det er så digg etterpå. Jo dårlegare været er, jo diggare er det, fortel Marit Moen Fjeld (27). Likevel … Read More

Etter 20 månadar på reise er Statsraad Lehmkuhl tilbake i heimbyen Bergen. På Bryggen stod Tuva Tenvik Rahd for å ynskje den velkomen, saman med mange av dei ho hadde vore på skipet med.

GOD VELKOMST: Statsraad Lehmkuhl fikk både applaus og jubel. FOTO: Svanhild Bøe


1. mai 2022 reiste 59 studentar frå Universitetet i Bergen (UIB) på reise med seglskipet Statsraad Lehmkuhl i fire månadar, gjennom semesteremnet Hav-klima-samfunn. Laurdag var det endeleg tid for at studentane som deltok på emnet kunne ha ein reunion. – Det var litt tårer, og det var kjekt å sjå at mannskapet på skipet kjente oss igjen, fortel student Tuva … Read More

Da Jørgen Engebret spilte konsert på Cornerteateret fredag kveld hadde han en unik type oppvarming.

KUNST OG MUSIKK: Før konsertstart var det kunsten som fikk all oppmerksomheten. Her ved verk av Daniel Jin Heggelund.


Fire studenter gjorde fredag om hele Cornerteateret til en kombinert kunstutstilling. Daniel Jin Heggelund (26), Ask Eirik Thorsen (24) og Tobias Horton (25), som alle studerer på Kunstskolen i Bergen, stilte ut kunsten sin som konsertoppvarming. På scenen sto filosofistudent ved Universitetet i Bergen (UiB), Jørgen Engebret (24).  Spontant De forteller at det hele har skjedd ganske spontant. Noen av … Read More

27. januar vart det kjend at Cinemateket Bergen får eit tilskot på 2,3 millionar kroner frå Norsk Filminstitutt. Dei tilsette ved Cinemateket håper og trur det vil bidra til auke tala på besøkjande, spesielt blant unge.

TRYGGJANDE. – Det er tryggjande å få ei slik godkjenning om at det er eit behov for oss, seier prosjektleiar Embla Karidotter (t.v.) om tilskodet. Her med daglig leiar Vivil Talsnes.


Det nest høgaste tilskotet, som gjekk til Cinemateket Trondheim, ligg på 2 millionar kroner, 300.000 kroner mindre enn til Cinemateket Bergen. Dagleg leiar, Vivil Talsnes (28), tykkjer det er stort. Ho leverte nylig masteroppgåva si ved Norges Handelshøyskole (NHH). – Det er utruleg kult. Publikumstala har gått ned for alle kinoar i pandemien, men NFI vel å ikkje gi opp, men … Read More

Lurar du på kva du skal finne på framover? Frykt ikkje – Studvest guidar deg gjennom kulturvåren.

ARKIVFOTO: Truls Skram Lerø


Ettersom vinterdepresjonen så smått byrjar å sleppe taket, kan ein endeleg sjå fram til ein vår fylt av arrangement som treff kvar einaste student. Enten det er rocka musikk eller ein rolegare litteraturkveld. Kven veit? Kanskje til og med DIN dansefot byrjar å rykke etter ei lang tid på hylla? Her finn du ei oversikt over nokre festivitetar du kan dykka … Read More

– Eg skulle ynskje eg kunne gå sånn, men eg føler ikkje eg kan bruke pengar på det

GJENNOMFØRT. UiB-student Åsne Meltvik meiner stilen må vere veldig gjennomført for å sjå bra ut. FOTO: Tekla Vollen


Den siste tida har det å bruke turklede som kvardagsmote blitt meir og meir vanleg å sjå nedover gatene. Gorpcore er ein ny trend av året. For ein gongs skyld passar ein trend ypparleg med vêret på Vestlandet og også studentane i Bergen omfamnar trenden. – Stilen handlar om at du ikkje skal sjå ut som at du prøver, men det … Read More

Ein kan kjenne dei igjen der dei dirrer av eufori for å endeleg kunne dra på ferie igjen.

SPESIELT. Nokre svært spesielle menneske kjenner at det å klappa er det einaste rette å gjera ved landing, skriv Svanhild Bøe.


Studvests aproposkalender luke 21: Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Spalten har høy forekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med en klype (noen ganger en neve) salt. No når vinteren har slått til for fullt, og kulda har … Read More

I tillegg til eit betydeleg underskot, har Kvarteret over 200 færre frivillige enn før pandemien.

MANGE TRADISJONAR. Det er mange tradisjonar knytta til Det Akademiske Kvarter i Olav Kyrres gate.


Søndag 6. november har Kvarteret generalforsamling. I den økonomiske orienteringa i forkant av møtet, kjem det fram at Kvarteret ligg an til eit underskot på 1 million kroner i 2022. Dei har gått i minus kvar månad heile året, ifølgje orienteringa. – Me laga budsjett i håp om at alt blei som før, seiar leder for Kvarteret, Sara Mørland. Slik … Read More

Etter at straumprisane har auka, har temperaturen i bassenget vorte senka, til BSI Svømming sin misnøye. Ingen andre alternativ, svarer UiB.

SENKET TEMPERATUR. Temperaturen i bassenget på Studentsenteret er senka som følgje av høge strømprisar. FOTO: Truls Skram Lerø


Anna Oleynik, Monica Beeder og Sandra Trifunovic er alle medlemmar av studentidrettslaget BSI Svømming. Dei trenar fleire gongar i veka i bassenget på Studentsenteret. – Før pleidde eg å glede meg til trening, no er det meir slit, fortel Anna Oleynik.  Symjarane fortel at det no ikkje er mogleg å varme skikkeleg opp i det kalde vatnet, noko dei meiner … Read More