Nordmenn eig ikkje køkultur.

HASTVERK. Kva er grunnen til at du absolutt må presse deg på bussen før andre har fått sjansen til å gå av, skriv Synne Hammervoll. FOTO: TORIL SUNDE APLETHUN


Apropos

Kjære kollektivreisande. Kva er hastverket? Kva er grunnen til at du absolutt må presse deg på bussen før andre har fått sjansen til å gå av? Nordmenn eig ikkje køkultur. Du kan jo påstå at du står i kø på butikken, og det gjer du sikkert. Men du gjer det og klart at du ikkje likar det. «Er det ikkje … Read More

Ei løysing kan bli toalett der du kan teste deg sjølv for klamydia og legge testen i ein postkasse.

SJØLVTESTING. Nestleiar Aron Hagos i Velferdstinget Vest tykkjer det det er behov for ei ordning der studentane kan teste seg sjølv for kjønnssjukdommar på campus. FOTO: ANNA ISABELLA SVEINSSON


– Me ser at for mange studentar ikkje nyttar seg av moglegheitene dei har for å testa seg i dag, seier nestleiar i Velferdstinget Vest (VT), Aron Hagos. Difor jobbar VT no for å få til sjølvtesting for kjønnssjukdommar ved alle studiestadar i Bergen. Hagos fortel at spesielt studentar som kjem utanbys frå kan ha høg terskel for å teste … Read More

Det er lett å velje vekk noko ein ikkje har råd til.

ILLUSTRASJON: TANJA SILVESTRINI


Underteikna er ein av mange som utsette å gå til tannlege i fleire år grunna frykta for prisen. Dette var sjølvsagt korkje betre eller billegare i lengda, og smellen kom då eg fekk tannproblem i fjor. Etter ein tur på tannlegevakta til 800 kroner, og seinare ei undersøking hos Sammen Tannlege på over 700 kroner, kom prisoverslaget for den nødvendige … Read More

Medisinstudiet ved UiB havner på den gale siden blant annet når det gjelder oppfølging og evnen til å engasjere studentene.

UNDERVISNING. Studiebarometeret viser at medisinstudentene er misfornøyde med flere punkter på studiet. Her lærer de om testing av lungefunksjonen, eller spirometri. FOTO: BEATE FELDE.


I et laboratorium i nærheten av Haukeland står et knippe medisinstudenter samlet rundt en maskin og følger nøye med, mens en av dem blåser hardt inn i et rør. Til heiarop fra de rundt, måler den kvinnelige studenten hvor mye luft hun klarer å blåse ut på kort tid, eller spirometri, som det heter på fagspråket.  – Det er veldig … Read More

Studentar føler kritikken deira ikkje blir høyrd, viser ny undersøking.

STUDENTANES DOM. Studentar meiner tilsette i liten grad høyrer på dei når dei kjem med kritikk. ARKIVFOTO: BEATE FELDE.


STUDIEBAROMETERET

– Det er dumt at det er slik, og det er noko me må jobbe mot å forbetre, seier Henrik Tjore, som er leiar for Studentråd ved avdeling for lærarutdanning ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Han viser til ferske tal frå Studiebarometeret som viser at moglegheita til å påverke undervisninga er noko av det norske studentar er minst nøgde med. … Read More

Veit du kva «ambivalens» «kausal» og «henseende» betyr? Det visste ikkje studentane vi spurte.

KOMPLISERT. Student Simon Ånestad meiner professorar brukar vanskelege ord fordi dei kan. FOTO: HENRIK FOLLESØ EGELAND.


AKADEMISK SPRÅK

Ved Universitetet i Oslo (UiO) har fleire tilsette jobba fram ei akademisk ordliste, der ord som blir nytta i akademisk samanheng vert rangert frå mest daglegdags til minst daglegdags. Studvest tok med seg tre av dei vanskelegare orda ut på Høyden for å sjekke om studentar kunne definere dei. – Ordforrådet mitt er greitt, men eg tykkjer det er professorar … Read More

APROPOS-KALENDER, LUKE 16: Når mamma vil kjøpe eit plasttre som er lågare enn meg, må eg sette ned juletrefoten.

TEKST AV: Synne Grimen Hammervoll, kulturjournalist i Studvest. FOTO: TORIL SUNDE APELTHUN


Apropos

Joda, dei kan sjå fine ut. Dei kan til og med sjå relativt ekte ut. Det finst sikkert nokon superfancy nokon som til og med luktar som the real deal. Og så er det enkelt. «Ikkje så mykje styr», som mor mi seier. Eg bryr meg ikkje. Eit juletre skal vere ekte. Det skal lukte edelgran i heile huset, ein … Read More

Lacrosse har dei siste åra vakse seg til ein stor sport i studentmiljøet. I Bergen har sju lag til saman over tre hundre registrerte medlemmar.

VENLEG KAMP. Bergenslaga har ofte treningskampar mot kvarandre. Her er det BI Cheetahs og BSI Owls som er i elden. FOTO: JULIE GÜNTHER


Fakta

– Det er i hovudsak studentar som spelar i Noreg. Me har studentar innan mange studieretningar, både frå HVL og UiB, og nokon som ikkje er studentar. Det seier Annette Ellingsen frå BSI Owls, lacrosselaget til Bergen Student Idrett (BSI). – Når folk byrjar å studere vil dei vere ein del av eit miljø. Mange vil prøve noko nytt, og … Read More

Ein skulle tru mesteparten av det følgjande ikkje var nødvendig å seie. Men med lang erfaring som kinogjengar må eg konkludere med at kinovettreglane trengs.

TEKST AV: Synne Grimen Hammervoll. FOTO: TORIL SUNDE APELTHUN


Apropos

Eg er over gjennomsnittet glad i å gå på kino. Der kan eg sjå filmar utan distraksjonar. Som oftast. Det spørs alltid litt på kven som sit saman med meg. Derfor har eg laga ei liste med fullstendig egoistiske, men subjektivt sett veldig gode tips til korleis folk skal oppføre seg på kino. Hei, du som tek av deg skoa og snik … Read More

Studenttida er ei tid for å skape nye kjenningar. For mange kan det kjennast vanskeleg.


Einsemd er noko mange studentar kjenner på. Det kan for mange vere overraskande vanskeleg å bli kjend med nye folk. Kvar tiande student har eit svakt sosialt nettverk, kjem det fram av Studentenes helse- og trivselsundersøking (SHoT) frå 2014. Ifølge rapporten kjenner kvar sjette student på ein form for einsemd. Rapporten skil mellom sosial og emosjonell einsemd, der sosial einsemd er mangel … Read More