Magasin

Blodige skispor

Under den årlege stafetten for studentane i Bergen er det ein deltakar med vonde hensikter, og det er opp til Mari Mole å løyse gåta.

SKISTAFETT: Det er mange mistenkte når det plutseleg inntreffer eit dødsfall på den tradisjonsrike skistafetten. ILLUSTRASJON: Nilda Miltell
Publisert Sist oppdatert

Det er uvanleg fint og mildt vêr på Kvamskogen under påskestafetten «Ta Pinnen!» – den årlege stafetten kor studieinstitusjonane i Bergen konkurrerer seg imellom.

Sidan stafetten krasjar med ein planlagt demonstrasjon for høgare temperaturar på Bergen Arkitekthøgskule, kunne ikkje dei stille med lag. I rein desperasjon klarte arrangørane å gjere ein feil; dei inviterte Sjøkrigsskulen i staden, representert ved Mari Mole frå logistikklinja. 

INVITERT MED UHELL: Mari Mole frå Sjøkrigsskulen var heldigvis tilstades denne sjebnesvangre påskedagen. ILLUSTRASJON: Nilda Miltell

Mari Mole skuar bort på konkurrentane. Den fyrste ho legg merke til er guten med randoneeutstyr. Preben Pappasson med sin glatte frisyre lyser BI lang veg. Han verkar svært oppteken av å følgje med på samtalen som utspeler seg mellom paret ved sida av han.

Der står ei høg og tynn jente frå Høgskulen på Vestlandet (HVL). Ingrid Klepp er sjølverklært «that girl», og klarer ikkje ta auga vekk frå den kjekke guten framføre ho. William Jeppesen verkar på si side meir oppteken av å snakke om seg sjølv og aksjar, enn av Ingrid. Han har dei raskaste shadesa, studerer på Norges Handelshøgskule (NHH), hvor han går sisteåret på master i innsidehandel og skatteparadis. William held alltid maska, utenom når jenter på Ricks kallar han for «short king».

Mari Mole ser den andre vegen. Ho legg merke til ein blond gut med ein bibel i handa som er djupt inne i ein diskusjon med læraren sin. Kristian Kirkeby studerer teologi på NLA Høgskolen.

– Du må vere meir kreativ. Mappeoppgåva skal inn på søndag, avsluttar læraren og går.

Medan ho får tildelt startnummeret sitt stusser Mari Mole over ein ting: Kvifor kallast det stafett når det berre er éin utøvar frå kvar studiestad?

KJØP LÅGT, SELG HØGT: William Jeppesen vart tvungen til å stille til stafett denne dagen. Han hadde eigentleg andre ting han måtte gjere. ILLUSTRASJON: Nilda Miltell

Over høgtalaranlegget høyrer dei styreleiar for arrangørorganisasjonen I Lag, Sture Leiar: 

– I år er det totalt eitt universitet og fem høgskular som deltek. Kanskje vi blir heile tre universitet til neste år. Eller kva tenkjer de, NHH og HVL?

– Vi går vel frå overlegen høgskule til overlegent universitet, då, kjem det frå William.

– Det er berre plass til eitt universitet i Bergen, fnyser geologistudenten Stein Skifer.

Stein kan mistakast for å vere HF-student, der han står i mariusgenser og vårlege knebukser, som stolt representant for Universitetet i Bergen. Sjølv om han studerer geologi, er han også ein ihuga nynorsk-brukar tilknytta Norsk Målungdom.

BAKAR BRUN-KAFFI: Ingrid Klepp crushar på William Jeppesen. ILLUSTRASJON: Nilda Miltell

– Sjukt nørd å være universitet! smeller det frå Preben. Han ser forhåpningsfullt bort på Ingrid for anerkjenning, men blir grøn av sjalusi. Ho ser berre William.

Sture Leiar ler og held fram:

– Alle som har fått startnummer og kart: Til start!

Startskotet går, og deltakarane labbar avgårde. Ingrid og William i front, med Stein like bak. Kristian og Preben får ein litt treigare start. Mari Mole held med baktroppen, for ho har lært at ein ikkje er sterkare enn det svakeste ledd. Eit prinsipp ho òg held fast ved i konkurransar.

Plutseleg ser ho at eit av skispora leiar vekk frå dei andre spora og inn i skogen. Ho vert mistenksam og ropar stans.

– Sikkert nokon som måtte pisse, seier Preben.

– Alle må gjere sitt fornødne. Heller i Guds frie natur enn på eit toalett på ein syndens utestad, kjem det frå Kristian. 

– Spora går berre ein veg. Dei kan ha gått feil, påpeker Mari Mole.

– Gå og sjekk det, dykk. Eg skal på afterski med Fetter Snorthug, seier Preben, og fiskebeinar vidare på toppturskia sine.

GIRA PÅ AFTERSKI: Preben Pappasson hadde kjøpt dei beste, og dyraste, skia han fann til skistafett. «Berre det dyraste er godt nok.» ILLUSTRASJON: Nilda Miltell

Mari Mole og Kristian følgjer spora for å sjå. Dei fører langt vekk frå løypa, og rett ut i eit mørkt hol i isen. Der ser Mari Mole ein person som ligg og flyt. Startnummeret stikk opp av vatnet – nummer 18.

Det er Ingrid Klepp.

– Åh, dette lovar for ei minnestund! ropar Kristian og fiskar fram Bibelen, som han har hatt inne i jakka heile turen.

– Frå jord har du kome, til jord… eh, is skal du bli. Nei, det vart litt feil, eg må prøva igjen.

Medan Kristian held fram med den spontane minnestunda, prøver Mari Mole å forstå kvifor Ingrid gjekk feil veg og rett ut på isen. 

MINNESTUND: Kristian Kirkeby var stressa fordi skistafetten kom midt oppi mappeeksamenen hans. Heldigvis ordna det seg for han. ILLUSTRASJON: Nilda Miltell

Ho ser noko festa i ei grein. Kartet må ha flydd ut av handa hennar då ho datt gjennom isen. Kan det gje ei forklaring på kvifor ho gjekk denne vegen?

Det er nokon som har tegna feil veg på kartet – nokon som visste isen ikkje var trygg.

– Eg må seie ifrå til arrangøren! Det er raskast å fortsetje til målstreken, seier ho og legg kartet i lomma. 

– Gjer det. Eg er i alle fall nøgd med å få halde minnetale. Då er ein av tre i boks til mappeeksamen, seier Kristian litt vel ivrig.

Over målstreken ser ho Stein ete ei skive med syltetøy medan han les i ei stor gul bok. Verken Preben eller William er å sjå.

– Det var på tide! Eg hadde aldri trudd at eg skulle gå ifrå både frøken prestasjon og kongen av Ricks med den farten dei hadde, seier han mellom tygga.

Jordbærsyltetøyet renn frå munnen hans og ned på boka.

– Ånei! Det var årets utgåve av Nynorsk ordliste! Eg fekk ho signert av forfattarane, seier han med tårer i augene. 

– Det har skjedd ei ulukke. Ingrid Klepp har gått gjennom isen. Eg trur ho er død, seier Mari Mole dystert.

– Oi, det var leit. Såg du William på vegen? Kanskje han veit noko? Eg må nesten få torka av denne boka, seier Stein før han hastar bort til toaletta. 

VINNAREN: Stein Skifer vart først over målstreken, men var uheldig å sølte syltetøy på ordlista si. ILLUSTRASJON: Nilda Miltell

Mari Mole er ikkje overraska over MatNat-studenten sin mangel på sosiale antenner. 

Eit team med førstegongstenestesoldatar, flygne inn med helikopter frå Haakonsvern, dreg ut for å hente opp Ingrid, etterfulgt av ei gruppe med kliss like jenter.

Dei må vere venninnene hennar frå HVL, tenkjer Mari Mole, før ho dreg ut i sporet igjen for å finne William – han er eit mogleg vitne.

Rett før mållinja ser ho enda eit skispor som leiar rett ut til sida. Ho går nokre skritt ut av løypa, før ho brått stansar og gispar.

William er spidda av sin eigen skistav.

Ho sjekker pulsen hans, trass i den openberre staven som spiddar han. Ho oppdagar eit stort, raudt merke i tinningen hans, og litt blod. Som om han har slått hovudet mot noko firkanta. Mobilen hans plingar og ei melding kjem opp på skjermen.

Hva faen, William?? Du glemte å selge før aksjene droppa! 

Plutseleg høyrer ho nokon som kjem bakfrå.

– Herremann, kva er sjansen for enno ei minnestund i dag? Det ser ut til at fleire av dei ikkje-truande har uhellet med seg, men det er berre flaks for meg, seier Kristian, og gjer seg klar for nok ei minnestund. 

– Eg ber arrangør samle alle ved målstreken. Eg fryktar dette ikkje er tilfeldige ulukker, seier Mari Mole.

Ved målstreken rår full forvirring.

– Trur du verkeleg nokon av oss kunne ha gjort noko slikt? spør Kristian, før han fortset:

– Og kvar er det blitt av BI-guten?

– Såg du Preben krysse målstreken, Stein? spør Mari Mole.

– Nei, eg var oppteken med å tørke av nynorskboka mi, svarar Stein.

Mari Mole tenkjer seg litt om før ho roper:

– Eg veit kven mordaren er. Sture Leiar, ring militærpolitiet!

Veit du kven mordaren er? Send svar og grunngjeving til nyhetsredaktor@studvest.no. Svaret vert avslørt 2. påskedag på studvest.no

Powered by Labrador CMS