Kommentar

Dårleg nytt for Kvarteret er dårleg nytt for studentbyen Bergen

Ingenting er sjølvsagt. Ikkje ein gong Kvarteret.

Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for journalisten sine egne meninger.

Kanskje luskar det i oss meir enn me trur. Ikkje viruset, men den innestengde kvardagen. Sjølv om smittevern og avstand fekk eit solid gravøl i februar, ser det ikkje ut til at me har gjenerobra studentbyen, barane og mellomrommet mellom oss heilt. 

Om så er tilfelle ser det ut til å vere på nye arenaer. Ifølgje SHoT-tala frå i år er deltakinga i studentfrivilligheita på Vestlandet på 30 prosent – framleis eit godt stykke frå å krype opp til 2018-tala, som låg på 48 prosent. 

Det kan sjå ut til at mellom anna Kvarteret får merke dette no. Studvest har tidlegare skrive om at Kvarteret ligg an til eit underskot på ein million kroner i år. I tillegg manglar dei heile 200 frivillige for å nå nivået dei låg på før dei måtte stenge i 2020. 

Kvarteret-leiar Sara Mørland fortel at årets budsjett blei laga med eit håp om at alt skulle bli som før. Det burde ikkje vere urealistisk. I hovudstaden har studenthuset Chateu Neuf for mykje å gjere, og er nesten tilbake på førpandemi-nivå, skriv Universitas

Kvifor Kvarteret ikkje har fått den same ketchup-effekten er vanskeleg å seie. Ein kan verkeleg byrje å stusse over at Kvarteret sitt budsjett viste seg å vere for optimistisk når ein samstundes kan lese i BA at denne byen har rekordmange skjenkeløyver. Attpåtil er bergensstudentane svært nøgde med kulturtilbodet; Heile 74 prosent av dei som svarte på SHoT-undersøkinga seier det. Kun i Rauland og Trondheim var det fleire som svarte det same.

Denne regnskogen av samlingspunkt er det som gjer Bergen til meir enn ein fuktskada vestlandsby: Ein levande studentby

Derfor var det ei overrasking å lese om Kvarterets kvaler. Kanskje bergensstudentane har funne tilbake til Bergen by, men gløymd studentbyen Bergen medan han låg og venta på ny vår? 

Dei kulturelle tilboda som er av og for studentar er viktige. Her kunne eg trekt fram positive psykososiale effektar av studentfrivilligheita. Og dei fins. 

Men ein burde ikkje måtte vise til fine fagbegrep for å vise viktigheita av at studentar, som folk flest, kan samlast ein stad kor det skjer noko gøy. Denne regnskogen av samlingspunkt er det som gjer Bergen til meir enn ein fuktskada vestlandsby: Ein levande studentby. Kvarteret er heimen til mykje av det.  

Så her kjem ei ektefølt oppfordring for den komande eksamensperioden, og for resten av studentlivet: 

Drit i. Drit i A på eksamen. Drit i maraton på lesesal. Drit i CV-mat. Ikkje bygg nettverk, bygg venskap. Drikk, dans, syng. Ta med ein kompis, eller ein potensiell kompis. Diskuter noko du bryr deg om med nokon som provoserer deg. Ta tilbake studentbyen.

Fordi er det ein ting me burde ha lært av den innestengde kvardagen, er det at ingenting er sjølvsagt. Ikkje songen, ikkje dansen, ikkje ein gong Kvarteret. Eit dårleg år er ikkje kroken på døra, men det som står ubrukt står til forfall. 

I verste fall får me ei studietid som består av lite anna enn studier. Og eit Bergen utan Kvarteret er ein fattigare studentby.

Powered by Labrador CMS