Nyhet

Går hardt ut mot motkandidaten for leserinnlegg

Måndag kveld valte Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (SP-UiB) nye medlem til Arbeidsutvalet. I forkant anklaga den eine leiarkandidaten den andre for tillitsbrot.

ANKLAGER: Leiar for Venstrealliansen, Mats-Henrik Nygren Syversen, meiner AU-medlem Andreas Trohjell går imot eigen politikk i eit leserinnlegg publisert i Khrono på fredag.
Publisert Sist oppdatert

På fredag publiserte Khrono eit leserinnlegg der det påtroppande sentralstyret i Norsk Studentorganisasjon (NSO) argumenterte for at klimapolitikk ikkje må overstyre studentpolitikken, og at ein må «velge sine kamper og arenaer med omhu».

Ein av dei underteiknande er Andreas Trohjell. Han er medlem av Arbeidsutvalet, som er Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (SP-UiB) sitt øvste organ. Trohjell blir kritisert av leiar for Venstrealliansen, Mats-Henrik Nygren Syversen, for å bryte SP-UiB og NSO sin klimapolitikk gjennom utsagn i leserinnlegget. Som medlem av Arbeidsutvalet kan ein nemleg ikkje aktivt gå imot SP-UiB sin politikk.

Måndag kveld valte SP-UiB nytt Arbeidsutval, der både Syversen og Trohjell stilte som kandidatar til leiarvervet.

– Tillitsbrot

Syversen meiner Trohjell sin signatur på leserinnlegget har brote med vedtaket i SP-UiB sitt prinsipprogram om å innføre FNs berekraftsmål i forsking og utdanning, og få Universitetet i Bergen til å ta nasjonal leiarrolle for FNs berekraftsmål i Universitets- og høgskulesektoren.

I tillegg meiner han Trohjell bryt med det overordna målet i SP-UiB sitt arbeidsprogram om å arbeide for å flytte Forskingsrådet sine midlar frå petroleumsforsking til klimaforsking.

– Ved å samanlikne klimapolitikk som del av studentpolitikk, med ein situasjon der Norges ingeniør og teknologiorganisasjon (NITO) skulle vedta politikk om kjønnskvotering på psykologistudiet ved Universitetet i Oslo, seier Trohjell at klimapolitikk ikkje er ein del av studentpolitikken, seier Syversen.

– Når Trohjell, som tillitsvalt i ein organisasjon som blant anna har vedtak om klimanøytralitet innan 2030, vel å signere eit leserinnlegg som kritiserer klimapolitikk som ein del av studentpolitikken, meiner eg dette er eit tillitsbrot av Trohjell, seier Syversen. 

BRYT IKKJE: Andreas Trohjell meiner ikkje utsagna i leserinnlegget bryt med SP-UiB eller NSO sin vedtatte politikk.

Tek ikkje avstand frå klimapolitikk

Trohjell ser ikkje korleis innlegget går imot vedtaka Syversen anklager han for å bryte, og forstår ikkje kva anklaga går ut på.

– I første avsnitt står det at NSO ikkje skal nekte studentar å delta i klimadebatten, og at NSO skal ta sin del av klimaansvaret. 

Han meiner Syversen heller burde ta saka opp med leiinga om han meiner det er eit tillitsbrot. 

– Eg har blitt valt av landsmøtet i NSO, og dei er fullt klar over kva eg står for som studentpolitikar. Om dette er eit tillitsbrot er det opp til leiinga å avgjere.

Vidare fortel Trohjell at innlegget er svar på eit leserinnlegg om klimadebatten i norsk studentpolitikk.

– Dette innlegget er basert på ein debatt om kva studentpolitikk skal vere, og det står ikkje at studentar må eller skal ta avstand frå klimapolitikk. 

Powered by Labrador CMS