Kjære student, velkomen heim.
Studietida er ein balanse mellom fridom, ansvar og spørsmål om kvar du høyrer til.
Som ny student, prøver ein å finne ut kvar ein høyrer til og mange spørsmål følgjer med. Går eg riktig utdanning? Klarer eg å finne ein studiegjeng? Korleis skal det gå i kollektiv med folk eg ikkje kjenner? Kven er eg eigentleg? Og sist men ikkje minst, er det frå no av studiebyen eg skal kalle heime?
Studietida kjem med ny fridom og mange gode sider. Du kan bestemme kva du vil ete, når du skal legge deg og korleis din eigen kvardag ser ut, utan å måtte ta omsyn til det hektiske familielivet på same måte som før.
Med den nye fridomen kjem òg mykje ansvar. Ansvar for å betale straumrekninga sjølv, passe på at ein ikkje bruker opp lånekassepengane på tull, finne seg ein jobb og fikse kriser ein måtte hamne i, heilt aleine. Det er først når krisene oppstår at ein gjerne skjønar at ein har teke barndomsheimen litt for gitt. Brått er ikkje mamma der for å lage mat når du er sjuk, eller pappa for å køyre deg til trening. Knappen som rauk på skjorta må du fikse sjølv, fordi bestemor ikkje er rundt hjørnet for å kunne sy den på igjen.
Det er først når ein startar på nytt, i ein ny by, der ein skal byggje opp eit nytt nettverk, vekk frå det som har vore kjend heile livet, at ein gjerne kjenner på einsemd, identitetskrise og mangel på tilhøyrsle. Dei trygge og gode rammeverka som ein alltids har kjend på, er ikkje lenger rett rundt hjørnet for å trygga deg på den same måten som før.
For første gong i livet står du heilt aleine i vala du skal ta og livet du skal leve. Og det heile startar med eit smell: nemleg fadderveka. Alt er nytt og ein skal oppleve alt for første gong. Første møtet med potensielle nye venar, første tur på Fløyen, første tur på Hectors for billeg pils, første forelesing, første seminar og første eksamen. Dette kan opplevast skummelt.
Og når ting blir skummelt ønskjer ein ofte å ha ein stad å kome heim til som gir trykkleik. Men barndomsrommet er bytta ut med eit lite hybelrom med halvmonterte Ikea-møblar. Gode middagar med familien er bytta ut med nudlar. Likevel, med litt tid byrjar studentkvardagen i Bergen å gi ei kjensle av tryggleik.
Sakte, men sikkert byrjar ein å kome meir på plass. Den fleksible kvardagen og friheita til å kunne fare ut på byen på ein onsdag er verdt ansvaret som følgjer med. Det er ikkje før eksamensperioda kjem at ein byrjar å glede seg til å kome heim på barndomsrommet. For som sliten student med meir og meir tid på lesesal, utan kreftar og energi til andre ting, så kan ikkje juleferien kome tideleg nok. Når siste eksamen er ferdig, er det endeleg tid for å flykte heim til barndommen igjen.
Heime på heimbygda og barndomsrommet merkar du likevel at ting ikkje er heilt likt som før. Det er trass alt fem månader sidan sist du var der. Og det heile verkar rart. Ein får ei slags nostalgisk kjensle over det heile, der ein innser at ein faktisk ikkje skal tilbake i mamma sitt hus. Når juleferien er over, kjenner ein seg plutseleg klar til å reise heim att. Noko som er rart, fordi du skal reise frå plassen som heitte heime i 18 år. Likevel gler ein seg til å kome tilbake til Bergen og gjere det same på nytt. Men denne gongen startar du ikkje heilt frå botn av.
Litt etter litt klarer du å finne balansen mellom ro i heimbygda og studiebyen. Kollektivet har blitt din ekstra familie. Det er heilt greitt å kjenne seg splitta og ikkje heilt vite kvar ein høyrer til.
Først trudde eg dette var noko vi unge måtte igjennom og at ingen kunne forstå. Seinare har eg vel lært at det er akkurat dette livet handlar om. Vi står i ulike periodar i livet. Du vil alltid ha ein ekstra tryggleik i barndomsheimen med familie som kan støtte deg, medan du gjer oppdagingar på eiga hand ute i den store verda, og søkjer etter kven du ønskjer å vere.
Det handlar ikkje om å finne tilbake til den ein var, men å finne ut av kven ein er på veg til å bli, i alle nye roller livet har å by på. Viktigast av alt er å nyte, vere nysgjerrig og tørre å ta sjansar, sjølv når alt verkar litt skummelt.
Etter kvar lærer ein at heime ikkje berre nødvendigvis er staden ein kjem frå. Heime kan òg vere staden ein lengtar tilbake til. Kanskje er det då ein veit at ein har funne seg til rette. Når ein ikkje lenger berre reiser heim på ferie, men også gler seg til å reise heim att til studiebyen sin.
Har du noe på hjertet?
Ønsker du å ytre din mening? Vi i Studvest vil gjerne høre fra deg!
Send ditt innlegg på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.
Tips for innlegget ditt:
Lengde: helst 1800–2500 tegn (inkludert mellomrom), men lengre bidrag kan vurderes.
Husk å gi innlegget både tittel og ingress.
Legg ved et portrettbilde av deg selv vi kan bruke, og oppgi fotografens navn dersom bildet skal krediteres.
Oppgi også hvilken tittel du ønsker å stå med.
Vi forbeholder oss retten til å redigere innlegget ved eventuell publisering.
Gi beskjed dersom innlegget allerede er sendt til andre medier.