Kva skjer med tilliten i eit samfunn når dei som har makt, ikkje tek ansvar?

Den siste tida har me sett fleire saker der makthavarane i samfunnet er råka av krise, kritikk og ansvarsfråskriving.

Publisert

Dette er ein leiar.

Leiarartikkelen gir uttrykk for Studvest si holding som ein partipolitisk uavhengig avis for og av studentar tilknytta institusjonane for høgare utdanning i Bergen.

Når ein står i ein posisjon med makt, vil dette føre til mange fordelar. Det kan vere godar i form av eksklusiv tilgang, påverknad og moglegheiter som dei fleste ikkje får. Samstundes er ikkje makt berre eit privilegium, men også eit stort ansvar.

Og fallhøgda, den er stor når det først går gale.

Ansvar handlar om å stille opp, sjølv når det stormar. Å bere konsekvensar av handlingar for dei du leiar – det gjeld folkevalde og personar med viktige samfunnsroller. Dette gjeld alle roller, frå studentpolitikarar til kronprinsesser. Likevel er det viktig å ha personar med ansvar. På denne måten er det nokon som må ta byrda dersom feil skulle skje.

Det er likevel når ein ikkje kan innsjå sine feil og stå i ansvaret at det blir eit problem. Ein stor del av problemet er at det svekkjer tillit til institusjonane og samfunnsrollene rundt oss. Tillit er limet til demokratiet, og utan dette kan samfunnsstrukturen rase frå kvarandre.

Kronprinsesse Mette Marit er eit av mange døme på dette. Etter sju veker fekk NRK endeleg eit intervju med kronprinsessa. Det har seinare blitt bekrefta at ho fekk vite dei viktigaste spørsmåla på førehand. Dette er eit problem. Då er dei med på å skape eit skreddarsydd bilete på korleis dei skal representerast for det norske folk. Ja, sjølv om responsen og svara ho gav verken var konkrete eller gode. Media skal ha moglegheit til å etterprøve folk med makt, inkludert kronprinsessa. Ho er ein representant for det norske kongehuset, og dermed representerar Noreg som institusjon.

Som den fjerde statsmakt er Studvest, på lik linje med NRK, TV2 og Bergens Tidende, ein viktig nøkkel i samfunnet for å halde personar med makt til ansvar. Vi er ei plattform som gir studentar, utdanningsinstitusjonar og politikarar moglegheita til å ytre seg og forklare si side av saka. I staden for å bli stempla som ein utfordrar blir vi ansett som fiende. 

Jobben vår som journalistar er å stille vanskelege og kritiske spørsmål. Akkurat på lik linje med dei enkle spørsmåla. Det er viktig for å setje søkelyset på korleis folk med makt opptrer og korleis dei forvaltar pengar i ein samfunnsrolle som skal representere det norske folk. Dette er ei vanskeleg oppgåve å ha. Dei tenkjer journalistar er ute etter å ta dei, men vi er berre ute etter sanninga og halde makthavarane ansvarlege. 

Når personar med makt må stå til ansvar og svare for val som er tekne, men likevel kjenner seg angripne, då er der kanskje ein sjanse for at noko gale har skjedd. Gjerne noko som ikkje gagnar offentlegheita.

Å bli halden ansvarleg kan verke brutalt. Likevel er det viktig å hugse på at ingen blir tvinga inn i ei slik rolle med makt, bortsett frå Kongen. Når ein først vel å ta ein slik rolle som inkluderer mange fordelar, då må ein også kunne ta byrden. Ein kan ikkje drive total ansvarsfråskriving ved å ikkje svare media.

Det er me i media som utgjer «vaktbikkje»-funksjonen i høve med makthavarane. For å få til dette, må der vere dialog. Det hjelp lite å avdekkje brot med uhaldbare handlingar om dei ikkje ønskjer å kommentere dei. 

Dette er eit sjukdomsteikn på ein maktstruktur der media og Studvest blir sett på som fienden. Likevel arbeider vi alle mot det same målet, nemleg å setje folket på dagsordenen og passe på at deira interesser blir ivaretatt. Nettopp for å ivareta tillit. Visst media ikkje tek ansvaret med å stille dei kritiske spørsmåla, kven gjer det då?

Har du noe på hjertet?

Ønsker du å ytre din mening? Vi i Studvest vil gjerne høre fra deg!

Send ditt innlegg på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.

Tips for innlegget ditt:

  • Lengde: helst 1800–2500 tegn (inkludert mellomrom), men lengre bidrag kan vurderes.

  • Husk å gi innlegget både tittel og ingress.

  • Legg ved et portrettbilde av deg selv vi kan bruke, og oppgi fotografens navn dersom bildet skal krediteres.

  • Oppgi også hvilken tittel du ønsker å stå med.

Vi forbeholder oss retten til å redigere innlegget ved eventuell publisering.

Gi beskjed dersom innlegget allerede er sendt til andre medier.

Powered by Labrador CMS