Når eksamensstress krasjar livsgleda
Like sikkert som at eksamensperioda har starta, pressar dei sårt sakna solstrålane gjennom skylaget over dei sju fjell.
Like sikkert som at eksamensperioden har starta, pressar dei sårt sakna solstrålane gjennom skylaget over dei sju fjell.
For mange studentar er eksamen det einaste ein høyrer om i desse dager. Ein skulle trudd studentane kunne finne ein kollektiv motivasjon og disiplin. Samstundes erfarer eg at det einaste ein klarer å tenkje på er å nyte det fine vêret som Bergen så sjeldan byr på.
Dei treng påfyll av D-vitamina og det er inga tid å miste. Alt ein ynskjer er å ta turen til fjells, ta ei utepils på Bryggen og leggje seg i Nygårdsparken medan du prydar med din vinterbleike kropp. Alt verkar uansett betre enn å sitje på ein kjedeleg og mørk lesesal. Du vet sjølv at sola si varme omfavning kan forsvinne når som helst.
Men semesteret er ikkje «berre å snakke sammen om dei same gamle ting». Stresset frå den komande eksamen, kan gje kulde ned kroppen hjå dei sterkaste i blant oss.
Stresset handlar òg om at verda kjennast tyngre ut enn før. Nyheitbiletet er prega av krig, reteauking, klimakrise og hatefulle ytringar. Medan dette nyheitsbiletet pressar på netthinna kvar gong studentar opnar telefonen eller datamaskina er det klart at ein blir stressa.
Og likevel oppi verdskaoset, sit studentane på lesesalen med press på å lese. Ein kan sei at studentane ønskjer å vere som Pippi, men blir tvungen til å låse seg inne som Emil i Lønneberget. For Pippi ville berre ha det kjekt, utan konsekvensar.
For mange er kvardagen redusert til ein konstant balansegang mellom dårleg samvit og trongen til å leve. Sola skin, byen vaknar til liv, og alt ein eigentleg vil, er å vere ute. Samstundes som eksamen ligg og ventar.
Kontrastane er store. Verda og eksamen ropar etter merksemd, medan det einaste studentane vil er å få ei pause. Dei vil puste og dei vil ut, leggje frå seg dei uendelege kreftene som bidreg til å trekkje ned humøret.
Ironisk nok, snakkar vi meir enn nokon gong om kor viktig det er med balanse. Studentar med deira humanistiske og samfunnsvitskapelege utdanning forstår dei store linjane, men me får problem med å handtere dei små i kvardagen.
Det er ikkje store krav studentane har. Dei ønskjer berre ein dag ute i sola, utan å få dårleg samvit for eksamen eller når neste krise du enno ikkje er førebudd på kjem. Ikkje straffe deg sjølv med å sitte inne heile dagen fordi du «må». Verda kjem til å vere komplisert uansett. Det treng ikkje studentlivet å vere.
Ta derfor hyppige pauser i sola, unn deg sjølv noko ekstra lønning som éin is eller to eller tre! Ta med lesesalen ut dersom du har moglegheit for det, eller set deg i det minste nærme eit vindauge godt med dagslys inn.
Leit etter dei gode solglimta og nyt livet til trass for eit høgare kvardagsstress. Livet ordnar seg og våren kjem ikkje berre med sol, men også livsglede, energi og motivasjon. Hald ut! Plutseleg er du i fast jobb og er styrt av heilt andre forpliktingar og rammeverk enn kva dagens studentmoglegheiter og solrike maidagar kan gi.
Studvest ynskjer alle studentar ei fin eksamenstid.