Noreg si nye kronprinsesse er student
For dei fleste studentar handlar kvardagen om førelesingar, innleveringar, eksamen og eit sosialt studentliv. For èin student har kvardagen brått fått eit heilt anna alvor.
Mot slutten av vidaregåande står mange overfor eit vanskeleg val: Kva skal ein studere? Og kanskje endå vanskelegare: Kva skal ein bli? Nokre veit det tidleg, medan andre må prøve og feile før dei finn sin plass
For kronprinsesse Ingrid Alexandra har det siste spørsmålet aldri vore nødvendig å diskutere. Ho har alltid visst kva som ventar henne: Som den første kvinna som er fødd med arverett til trona, skal ho ein dag bli dronning av Noreg.
Som framtidig monark har ho difor måtte finne ei utdanning som kan førebu henne på ei rolle svært få kan førestille seg. Valet fall på ein bachelorgrad i samfunnsfag ved Universitetet i Sydney.
Ho har i eit tidlegare intervju med NRK fortalt at ho sèt privatlivet høgt, og at ho har ønskt seg ein så normal oppvekst som mogleg. Før ho måtte trå til som kronprinsesse, har ho kunne skjerme seg delvis frå media, og få vere ungdom og student slik som alle andre. Valet ho gjorde, då ho flytta til andre sida av jordkloda for å studere, var kanskje nettopp for å ha eit så normalt studentliv som mogleg.
Den offentlege rolla har likevel hatt sin pris. Også i Sydney har ho vore eit kjent ansikt, fulgt av paparazzi og omtalt i australske og andre internasjonale medium. Likevel har ho på lik linje med andre studentar, jobba med innleveringar og eksamen. Samstundes som ho har balansert ein sosial studentkvardag, og opplev alt det fine studietida har å by på.
Som student kan ein relatere til ønsket om å flytte heimafrå, stå på eigne bein, finne nye venar, utforske seg sjølv og andre, og skape sitt eige liv. Den avgjerande forskjellen er at livet til kronprinsessa aldri berre er hennar eige. Det finst alltid ei offentleg interesse i alt ho føretek seg.
Sjølv om ho har vore delvis skjerma frå media, endra dette seg frå 28. august.
Medan eit utvekslingssemester for dei fleste studentar betyr ein ny studiestad, nye vener og kanskje litt meir festing, står Ingrid Alexandra plutseleg midt i ei historisk omvelting. Bestefar, kong Harald V, har gått bort. Etter hans bortgang, har plutseleg Kronprinsesse Ingrid Alexandra måtte ta eit stort ansvar. Allereie same dag deltok ho i det ekstraordinære statsrådet der tronskiftet blei formelt kunngjort.
Over natta vart rolla hennar ei anna. Kamera som tidlegare har vore meir på avstand, blir retta mot henne med ei heilt ny interesse. Midt i si eiga sorg, må ho samstundes tre fram i ei offentleg rolle med eit stort ansvar. Studentoppgåvene blir bytta ut med kongen statsråd, edsavlegging til faren, Kong Håkon VII, på direktesendt fjernsyn, og som frontfigur i sørgeparade.
Sjølv om ho er student, kan ho no vere regent i Kongens fråvær, inkludert å leie statsråd og ta større offisielle oppdrag.
Akkurat som kong Håkon VII tidlegare har gjort, som tidlegare kronprins og student, går no kronprinsessa i dei same fotspora. Noko er likevel heilt annleis for kronprinsessa. Det er ei anna tid, og ho representerer noko nytt for det norske monarkiet. Ho skal ikkje berre finne ut av kven ho ønskjer å vere privat, men også som kronprinsesse, i ei tid der kongefamilien blir fulgt tettare enn nokon gong.
Dei fleste studentar brukar studietida på å finne ut kva og kven dei ønskjer å bli. Kronprinsesse Ingrid Alexandra veit allereie dette, spørsmålet er kva slags dronning ho vel å bli i framtida.