Studvest tek opp kampen for nynorsk

Nynorsk er ein døyande art – Dette skal Studvest gjere noko med.

NYNORSK: Studvest vil redde den døyande arten.
Publisert

Dette er ein leiar.

Leierartikkelen gir uttrykk for Studvest si haldning som ein partipolitisk uavhengig avis for og av studentar tilknytta institusjonane for høgare utdanning i Bergen.

Nynorsk og bokmål er Noreg sine to offisielle skriftspråk. Likevel er bokmål meir representert i samfunnet, både innanfor utdanning, filmar, seriar og nettsider.

Ifølje Statistisk sentralbyrå er det kun 11,1 prosent av grunnskuleelevar som har nynorsk som hovudmål i 2025. Dette er 2,9 prosent lågare enn året før. Samstundes er det ikkje rart at det er nedgang i bruken av nynorsk. Det er for mange eit framandt språk, på grunn av mangel på eksponering, representasjon og språkleg mangfald i alt frå barne-tv og barnebøker til forelesingar og pensum.

Når dei unge byrjar på ungdomsskulen, byrjar dei òg med sidemål. Det som er laga for å skape større representasjon av skriftspråka i Noreg, blir heller ei systematisk bitterheit for sidemål. Oftast er dette nynorsken. 

Frustrasjonen er forståeleg. Det gir ei kjensle av å måtte gjere dobbelt så mykje arbeid. Dobbelt opp med oppgåver, lekser og karakterar. Om ein berre hadde hatt eit skriftspråk hadde det berre vore ein norskkarakter og ein norskeksamen. På denne måten er det med på å dra ned unge sitt syn på kor viktig det er med begge skriftspråka.

Bitterheita gjer at når skuleelevane endeleg skal byrje å studere, legg dei nynorsken på hylla. For i dagens samfunn blir nynorsk sett på som framand og vanskeleg å ta i bruk. Studentar ser på det som ein lette å ikkje lenger måtte bruke nynorsk i kvardagen. Skriftspråket er såpass sjeldan brukt at sjølv forelesarar seier at studentar skil seg ut på eksamen om ein skriv på nynorsk. 

Om ein får skriftspråka meir likestilt, vil det gjere at terskelen for å bruke nynorsk blir lågare. Fleirtalet synest bokmål er enklare å bruke, men også fordi det er norma og ein då passar betre inn i fellesskapet.

Ivar Aasen lagde skriftspråket nynorsk fordi det skulle betre representere bygdefolket sine dialektar og norrønt, i motsetnad til bokmål som stammar frå bykulturen og dansk. For all del, det handlar ikkje om at bokmål ikkje er viktig, men det er overrepresentert og skriftspråka burde vere meir likestilt enn det er på papir.

Når studentar ikkje lenger har obligatorisk krav til å lese og jobbe med nynorsk, får media eit viktig samfunnoppdrag for å likestille skriftspråka. NRK har som mål å ha 25 prosent av dekninga si på nynorsk. Rapportar viser at i 2024 nådde radio og tv kravet, medan det var 23,2 prosent nynorsk på nett. Likevel har media framleis ein lang veg å gå. VG har for eksempel opna for å bruke nynorsk når det er riktig i saka. Dette er eit problem når flest saker kjem frå hovudstaden. Då blir det vanskeleg å få opp prosentandelen av nynorske tekstar.

Dette året skal Studvest prøve å vere med på endringa. Det blir eit større søkelys på nynorsk. Det skal seiast at dette ikkje er ei enkel oppgåve. Mange synest det er vanskeleg å skrive nynorsk. Likevel er det viktig for kulturarven å representere begge skriftspråka som Noreg er så heldig å ha.

Har du noe på hjertet?

Ønsker du å ytre din mening? Vi i Studvest vil gjerne høre fra deg!

Send ditt innlegg på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.

Tips for innlegget ditt:

  • Lengde: helst 1800–2500 tegn (inkludert mellomrom), men lengre bidrag kan vurderes.

  • Husk å gi innlegget både tittel og ingress.

  • Legg ved et portrettbilde av deg selv vi kan bruke, og oppgi fotografens navn dersom bildet skal krediteres.

  • Oppgi også hvilken tittel du ønsker å stå med.

Vi forbeholder oss retten til å redigere innlegget ved eventuell publisering.

Gi beskjed dersom innlegget allerede er sendt til andre medier.

Powered by Labrador CMS