Bergensstudenten blir øvste tillitsvalgt

Iben Lauvland Longva
nla hvl nyhetslive streik
NY LEIAR: Andreas Hellesøy skal ta over leiarvervet i SPNLA det komande året.

Andreas Hellesøy vart 10. mai valgt som leiar for Studentparlamentet på NLA Høgskulen (SPNLA) under konstitueringsmøtet deira i Oslo. 

Til vanleg studerar Hellesøy praktisk teologi og ledelse hjå NLAs campus i Bergen, og har vore aktiv i studentdemokratiet sidan september 2024.

– Eg ser frem til å tre inn i rolla, og gler meg til å gjere mitt beste for å representere studentane, seier Hellesøy til Studvest.

Han pekar på at det ikkje er så viktig at han er Bergensstudent, men at NLA har campus over heile Sør-Noreg og at han skal gjere sitt beste for å iverata den geografiske spreiinga. 

– Mitt mål som leiar er å legge til rette for engasjement frå heile studentmassen, og eg heiar stort på studentinitierte aktivitetar og på studentparlamentet mitt, seier han. 

Johannes Hovde Hansen vart valgt som nestleiar i SPNLA, som også studerar i Bergen.

Powered by Labrador CMS