IRRITERT: HF-student Tron-Petter Nilsen Aunaas synest det er frustrerande at det alltid er fullt på HF-biblioteket når dei er rettkomen plassen der.

Universitetet i Bergen har 12 000 fleire studentar enn leseplassar, anslår Eigedomsavdelinga. Det skapar kamp om plassane.


Annonse

– Det blir alltid dårleg stemning når vi ser nokon sit og puggar arverett på vårt bibliotek, seier Tron-Petter Nilsen Aunaas (20), som er student ved Det humanistiske fakultet (HF) ved Universitetet i Bergen (UiB). Klokka er 12:30 på ein måndag i starten av november. Høglydt klikking på tastatur og litt klam luft møter oss i døra inn til humaniora-biblioteket. Det … Read More