Tidleg i tjueåra kræsja Vebjørn emosjonelt. Då slutta han på studiane, slutta å onanere og byrja å fylgje sine eigne bein rundt i Bergen. No vil han hjelpe studentar i same situasjon.

IMPULS. Då studiene ikkje ga meirsmak, byrja han å følgje dei sterkaste impulsane sine.


Vebjørn Rusten (29) opnar døra til ein av dei store villaane bak Studentsenteret på Nygårdshøyden. Fasaden er sliten og villaen har vore stappfull av studentar og kollektiv sidan 70-tallet. Frå gangen fylgjer han oss opp dei knirkande trappene. På veggane heng falma bilete av politikarar som Ronald Raegan, Margaret Thatcher og Sylvi Listhaug saman med gamle konsertplakatar.  – Det er … Read More