Eit uventa tannlegebesøk kan fort bli ein kraftig strek i regninga for studentar utan stappfulle bufferkontoar. Heldigvis har tannlegestudentane ei løysing som gagnar alle partar.

PASIENTMANGEL. Tannlegestudentane Nadja Maczko Christoffersen, Ingrid Jonsbu Berntsen og Martin Møinichen Alsos treng fleire pasientar å øve seg på før dei kan seie seg ferdig utdanna.


– Eg hadde litt problem med nattesøvnen natta før eg skulle ha ein pasient for fyrste gong. No går det derimot heilt fint, seier Martin Møinichen Alsos (23). Saman med medstudenatene Ingrid Jonsbu Berntsen (23) og Nadja Maczko Christoffersen (23) er han godt i gang med utdanninga på Institutt for klinisk odontologi ved Universitetet i Bergen (UiB). Dei tre studentane … Read More