SKEIV KJØNNSFORDELING: – Det er eigentleg ganske sjukt at eg har så mange gutevennar her med tanke på den kjønnsfordelinga som er, seier Erlend Femdal, som studerer psykologi på UiB.

Ekstrapoeng auka talet på mannlege studentar ved Universitetet i Agder. No vil UiB prøve det same, og «kvotere» inn 30 prosent menn.



– Det er aldri kø på herretoalettet, men nesten alltid på dametoalettet, for å illustrere det slik, seier psykologistudent, Pål Lystrup, om korleis han opplev kjønnsbalansen på studiet sitt. Lystrup studerer ved Universitetet i Bergen (UiB), som no har fått lov til å innføre tilleggspoeng for mannlege søkjarar med førstegongsvitnemål til profesjonsstudiet i psykologi. Grunnen til dette er at rundt … Read More