Etter tre år med offentlege konfliktar valde Bergen Senterparti 22-åringen Reidar Digranes til ny leiar. Med jusstudier og leiarverv i Hordaland Senterungdom attåt har han nok å gjere framover.

LEIAR. Reidar Digranes studerer jus ved Universitetet i Bergen og er samstundes nyvalgt leiar for Bergen Senterparti.


Annonse

– Eg skulle sikkert sagt at eg har eit tidsskjema og planlegg alt. Sanninga er at eg berre står opp om morgonen, finn ut kva som må gjerast og står på fram til eg vert trøytt, seier Reidar Digranes. Bergensaren kjem rett frå rekrutteringsrunde for Senterungdommen på Askøy vidaregåande skule. No nyt han utsikta frå kantina på jusbygget på Dragefjellet. … Read More