Fram til 1. oktober hadde studentane ved UiB ein app for universitetet sitt skulesystem. No er den fjerna utan eit nytt tilbod til studentane.

FORSVINN. 1. oktober vart det ikkje lenger mogeleg å laste ned UiB sin app. FOTO: Erik Stolpestad


1. oktober forsvann Mitt UiB-appen frå både App Store og Google Play. Appen har vore den mest tilgjengelege måten å sjekke alt frå studiekalender til innleveringsfristar. Korleis vil dette påverke kvardagen til studentane? “Mitt UiB” er læringsplattforma til Universitetet i Bergen (UiB). Plattforma vert nytta for å levere oppgåver, sjå på pensumlister, få med seg viktige kunngjeringar, kommunisere med førelesarane … Read More