MASTER. Birger Buland (til venstre), Erik Ekrem og Tina Foss er frustrerte over at dei ikkje får fast leseplass på nye K2.

Høgskulen meiner ordninga deira er føreseieleg, medan studentane er bekymra dei må skrive oppgåva si i kantina.


Tidlegare i år opna Høgskulen på Vestlandet (HVL) sitt nye bygg Kronstad 2 (K2), som inneheld arbeidsplassar til både studentar og tilsette ved høgskulen, samt auditorium og klasserom. På K2 har høgskulen innført ein «clean desk policy» som gjer at korkje tilsette eller studentar har faste arbeidsplassar i bygget. Masterstudentane Erik Ekrem, Tina Foss og Birger Buland reagerer på at … Read More