Kulturvåren 2024

Kjedar du deg? Studvest har samla eit knippe aktivitetar du kan ta deg til.

BERGENSKONSERT: Kamelen har allereie spilt, men det kjem andre moglegheiter!
Publisert Sist oppdatert

Heile vinteren

Vinterbading på Nordnes sjøbad, isbad mens du kan!

Åpning av ny karaokebar? Det er uvisst når dette skjer, men i løpet av vinteren skal baren være klar. 

Februar 

Metteson konsert 08.02 (USF verftet)

Den unike karakteren Metteson har med seg nytt album, og startar turneen sin i Bergen.

Bergen Ser 08-11.02 (Bergen kino)

Kvifor bruke helga på å ligge trongt i senga og sjå på film, når du kan sjå det same på kino?

Cir.Cuz 09.02 (Akademiske kvarter)

Har du også hatt ein periode der du høyrte på «Radio» og «Supernova»? No kjem popbandet til Bergen for å opptre. 

Atari 09.02 (Hulen)

Eit leikent Bergensband spelar på Nord-Europas eldste rockeklubb. Rykta seier at dei er kjende for å drepe anlegg med bassen sin. 

LitFestBergen 07.02 - 11.02 (Litteraturhuset i Bergen)

Treng du tips om lesestoff til påskeferien, eller er du interessert i litteratur om menneska si plass her i verda? Bergen internasjonale litteraturfestival kan hjelpe deg.

Hold kjeft, det er Ibsen 15.02 (Den nationale scene)

Synest du Ibsen var keisam på videregående? DNS sjølv skriv at du kan le og gråte, eventuelt le til du gret i dette stykket.

KULTURHUSET: Det skjer mykje på kulturhuset i vår. Her er Nelly Moar. FOTO: Mads H. Halvorsen (arkiv)

Dr. Flex 17.02 (Hulen)

Eit norsk funk- og hiphop-band som er ute etter å lyfte energien på fest. Bli med og flex du óg.

Needlepoint 22.02 (Hulen)

Eksperimentell musikk på Hulen med Needlepoint. La musikken føre deg inn i ei verd mellom fantasi og røyndom.

OnklP 24.02 (Kulturhuset)

Rapparen med songar som gjer at ein trekk på smilebandet, får foten til å rocke, og tårene til å trille. OnklP kaprar scenen og avsluttar februar. 

Mars

Uken 29.02 - 16.03 (Studiestadar rundt i byen)

Årets største studentdrivne festival tilbyr revy, musikk og humorshow for heile Bergen. Uka, eigentleg to, du ikkje vil gå glipp av.

Mørkekjelleren - Standup for mørke sjeler 02.03 (Ricks)

Likar du mørk humor? Kryp ned i mørkekjellaren og begrav deg i han. 

Das Body 07.03 (Hulen)

Das Body lagar og spiller musikk om at det framande er komfortabelt. Musikken er vanskelig å plassera innanfor ein sjanger, men kanskje du klarar det?

Kvinnedagen 08.03 (Tog 17:30 frå Torgallmenningen)

I krig blir kvinner og jenter valdteken, og kvinnar si likeverd står under press. Ikkje berre kjemp for dine eigne retta, men óg for dei som ikkje har retta til å gjere det sjølv.

UKENARV: Inne på kontoret til ukestyret henger arven etter tidligere UKEN-festivaler.

Heave Blood & die 08.03 (Hulen)

Avslutt dagen med bråkete Goth-liknande musikk. Bandet har rocket på Øyafestivalen og Roskilde og er no klar for å ta over den underjordiske scenen i Nygårdsparken. 

Varmere Våtere Villere 13-15.03 (Omkring i byen)

Klimafestivalen tar klimaproblematikken frem i ljoset igjen. Ein arena for diskusjon mellom studentar, politikarar og gründerar. 

Borealis 13-17.03 (Alternative scener i byen)

Er du eventyrlysten og vil oppleva musikk og kunst på alternative scener? Da kan du vere på festival i blant anna eit svømmebasseng, eller på toppen av Bergen. 

Kaveh Rashidi - Senk skuldrene 19.03 (Forum scene)

I ei verd med fokus på det perfekte livet, gjev legen råd om korleis ein kan leve eit godt liv. 

Powered by Labrador CMS