Derfor vel dei å stå på bana
Sjølv om det er ledige seter, ønskjer ikkje studentane å bruke dei. Professor meiner nordmenn ikkje ønskjer sosial interaksjon.
Bybanen i Bergen hadde 22,6 millionar påstigningar ifjor, i 2024 var det fleire alvorlege ulykkar enn nokon gong.
Dette vekket eit stort spørsmål hjå underteknade.
Kvifor er det så mange studentar som ikkje sit på bana, sjølv om det er tryggast?
Ein av desse ståarane er Eirik Støre – medan bana køyrer forbi Florida forklarar han kvifor han vel å stå.
– Eg skal ikkje så langt, så da set eg meg ikkje, fortel han i ein merkverdig tom bane.
Ifølgje ein professor i psykologi er det ikkje rart at Støre gjer som han gjer. Meir om det kjem seinare.
Studentane er usamde
Saman med Støre står kompisane Oskar Johansen og Jonas Køben. Dei er godt kjend med bana dei tek kvar einaste dag – nesten alltid ståande.
– Det er ofte ganske fullt, forklarer Johansen.
Kompisgjengen observerar, på lik linje med denne journalisten, at studentar gjerne vel å stå sjølv om det er ledig plass. Årsaka trur dei kan vere at mange berre tek korte turar.
– Det er jo ikkje så langt mellom stoppa, og da er det ikkje sikkert folk orkar å leite etter plass å sitje, seier Johansen.
Gutane føler det er tryggare å stå på bana kontra til dømes ein buss, som dei meiner er meir «farleg».
– Banen går jo på skinner, så det er ikkje så stor fare for kollisjon. Den einaste reelle utfordringa ville vore dersom det kom noko i spora, meiner Støre.
Ifølgje Bybanen sin sikkerheitsstatistikk for 2024 registrerte selskapet 23 hendingar. Dette inkluderte 17 samanstøyt med mellom anna køyretøy og gjenstandar. Personskader hjå passasjerar gjaldt 2 av hendingane.
Svara frå gutane var som venta, men me gjer eit nytt forsøk på å finne eit anna syn på fenomenet. Ut med gutane, inn med det kvinnelege perspektivet.
På Kronstad står Signe Brodland og Thea Eilertsen medan dei venter på ein annan bane. I likhet med gutane tek dei bybana kver dag, men desse jentene er ikkje samd med kvarandre.
– Eg står alltid, for eg synest det er litt skittent, seier Brodland.
Tross dei moglege bakteriane står veninna Eilertsen fast ved at ho sit så lenge det er mogleg. Men ho har låg terskel for å reise seg, til dømes for dei eldre.
– Eg har eigentleg ikkje behov for å sitje, men eg føler meg meir stødig, og det er meir komfortabelt. I tillegg blir det fort trangt i midtgangen dersom alle skal stå, seier ho.
– Det er jo mindre forsvarleg å stå. Du utgjer også større skade dersom uhellet er ute og du dett frå ståande posisjon enn om du tipper over når du sit, forklarer Eilertsen.
Ønskjer at fleire sit
Pressekontakt Ingrid Dreyer i Skyss fortel at det er tryggast å sitje. Presis som Eilertsens beskrivelse fortel Dreyer at du har betre balanse når du sit, skulle det skje ei ulykke.
– I tillegg er det meir praktisk fordi midtgangen blir mindre full, og folk kan kome seg forbi fortare for raskare av- og påstigning.
Dei tidlegare bannera om «snylteagurkar» er no teke bort. I staden har bana no oppfordringar om å sitje på infoskjermane.
– Me håper dette blir lest slik at folk tar det til seg, og at det over tid kan føre til ei forståing av at dette er viktig, seier Dreyer.
Ikkje glad i sosial samhandling
Denne journalisten sin redaktør er ikkje nøgd. Saka manglar enda eit perspektiv.
Me treng ein ekspertkjelde.
Professor i psykologi ved Universitetet i Bergen, Rouven Doran, er noko overraska over at me tek kontakt. Professoren opplev ikkje sjølv dette som eit problem.
Men dette stopper han ikkje frå å reflektere kring fenomenet. Han trur ein av faktorane er kjensla av trengsel.
– Det kan oppfattast som for nært å sitje ved sida av andre, noko som kan vere ubehageleg. Derfor kan fleire velje å stå i staden for å sitje, fortel han.
Professoren meiner folk har eit behov for kontroll over korleis dei samhandler med andre menneske.
– Det er lettare å distansere seg frå andre dersom ein står, seier han.
Å stå på korte distanser forklarar professoren som personlege preferansar, eit behov for kontroll, og ifølgje Doran «unngår å bli konfrontert med sosial interaksjon».
Samstundes viser han til forsking som fortel at nordmenn ikkje er noko annleis når det kjem til sosial interaksjon. Svaret er derfor noko opent.
– Sit du på bana?
– Ja, eg sett meg alltid ved første moglegheit, fortel han.