Levde eit dobbeltliv

Den tidlegare NHH-studenten måtte selge ut lageret sitt for å ha tid til eksamensperioden. 

HATLEVEIEN: Kokainen skal ha vore solgt i Hatleveien, rett ved Norges Handelshøgskule.
Publisert

Den tidlegare NHH-studenten er tiltalt for narkotikaovertredelse og kvitkvasking. Samla sett påstår Påtalemyndigheita at han, saman med tre andre tiltalte, skal ha besitta minst 127 kilo kokain, 25 kilo hasj og 3 kilo amfetamin i løpet av eit års tid.

I retten fortel den tidlegare NHH-studenten at han solgte kring to hekto, eller 200 gram kokain i Hatleveien, rett ved Norges Handelshøyskole (NHH). 

Dette blei bekrefta med eit bilete frå politispaning som vart ein del av Påtalemyndigheita si bevisførsel. 

– Eg tenkte at eg berre måtte gjøre det sjølv, og gjere det kjapt, forklarar han. 

Geir Mikalsen, kommunikasjonsdirektør ved NHH, fortel i ein SMS til Studvest at dette er heilt ukjend for dei. 

– Tok vare på meg

Den tidlegare NHH-studenten fortel i retten at han fekk augne opp for narkotikasalg då han først vart varetektsfengsla i 2024. 

Der lærde han mange tips og triks om kva ting kosta.  

– Eg skjønte fort at dette var ein god måte å tjene raske pengar på, fortel han. 

Saken han var varetekstfengsla for vart seinare henlagt, men det var også der han møtte mannen i 30-åra frå Austlandet som også er sikta i same sak. 

Dei er begge tiltalt for å ha hatt ei leiande rolle i gruppa. 

Les saka frå mandag i retten her, der kom det fram at NHH-studenten erkjente delvis straffeskuld:

Oppretta selskap for å kvitvaske pengar

– Det var min første gong i fengsel, «Austlendingen» passa på meg når eg var redd. Eg fekk heller ikkje lov til å ringe eller kommunisere med nokon, så «Austlendingen» hjalp meg og tok vare på meg, seier den tidlegare NHH-studenten. 

Han fortel at dette var ein av dei vanskelegaste periodane i livet hans, og at det kjendes ut som verdast ende då han først hamna i fengsel.

Austlendingens forsvarar, Sverre Sjøvold, seier til Studvest at dei ikkje ønskjer å kommentere forklaringa til NHH-studenten. 

FIRE TILTALTE: Advokatane til dei fire tiltalte.

Den tidlegare NHH-studenten vart ansatt som prosjektleiar i selskapet som Austlendingen seinare vart dagleg leiar i. 

– Eg fekk lønning frå selskapet når eg kom med kontantar, så fekk eg utbetalt lønning i bytte. Dette var kun ei stilling eg hadde for å kunne kvitvaske pengane vi tjente ved slag av narkotika og eg hadde ingen arbeidsoppgåver i selskapet, fortel NHH-studenten. 

Levde eit dobbeltliv

Sjølv om fritida gjekk til å selge narkotika var han fortsatt mykje på skulen. 

NHH-studenten forklarar, ved spørsmål frå forsvarar Sander Brink, at han var i forelesning tre til fire gonger i veka, men det varierte ut i frå kva semester han var i. 

– Eg brukte mellom fire og seks timar på skulen om dagen, forklarar han. 

Frå oktober 2024 til april 2025 brukte NHH-studenten mykje av fritida si på å selge og distribuere narkotika, men i mai 2025 tok han pause frå verksemda.

Eksamensperioden kom i vegen. 

– Det var for mykje arbeid å oppretthalde, eg solgte derfor frå meg alt eg hadde slik eg kunne fokusere på eksamen. I juli var eg klar til å starte opp igjen, seier han. 

Fram til då hadde han styr på alt i Bergen heilt aleine, fortel han, men enda med å ta opp kontakta med «Austlendingen» for hjelp. 

Rusproblemar

Samarbeidet var ikkje utan problem. 

– Eg høyrde også om mykje krangling, bråk og gjeld. Det enda med at eg ønskja å hjelpe han, då han hadde hjelpt meg så mykje når eg først vart fengsla, forklarar han.

Etter kvart enda NHH-studenten med å lage sitt eit eige selskap for å «distansere seg» frå mannen frå Austlandet. Han seier at «Austlendingen» hadde mykje rusproblemar, og var vanskeleg å samarbeide med.  

Austlendingens advokat, Sverre Sjøvold, ønskjer ikkje å kommentere saken. 

Selskapet blei etter kvart ingenting av, men NHH-studenten klarte samstundes å kvitvaske pengane sine utan hjelp frå «Austlendingen» og tjene betre profitt enn han hadde klart saman med «Austlendingen». 

«Show me the money»

Den tidlegare NHH-studentens forsvarar, Sander Brink, trakk frem i si prosedyre mandag at den tiltalte NHH-studenten ikkje erkjenner mengden narkotika som han er tiltalt for, eller omfanget av samarbeidet med den tiltalte frå Austlandet. 

TINGRETTEN: Forsvarsadvokaten til NHH-studenten, Sander Brink, nærmest til venstre.

Brink meiner tiltalen legg til grunn ein for stor mengde narkotika. Han meiner mengden er mindre enn tiltalen tilsvarar.

I så tilfelle ville sal av narkotikaen utgjort over 100 millionar kroner i verdiar som har «byttet hender» i løpet av perioden. Dette meiner forsvarar at aktoratet ikkje har bevisgrunnlag for.

– Dykk må tenke «show me the money» når dykk vurderar bevisa, sa Brink til dommarane mandag. 

Forsvarar, Sander Brink, seier til Studvest etter tysdagen i retten at:

– Tiltalte har fått forklare seg grundig i retten over dei to siste dagane. Framover skal dei tre andre tiltalte få forklare seg og det gjenstår ein stor mengde bevisførsel. Utanom dette har vi ingen ytterlegare kommentarar, fortel han.