Apropos

Pakkepress med kvelertak

Eg har nok ein gong gløymd at jula handlar om å gje.

OLIVER TWIST: Som ut av ein Charles Dickens bok må vi lide, skriv Øyvind Myklatun om julestria.
Publisert

Studvests julekalender luke 16

Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Spalten har høy forekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med en klype (noen ganger en neve) salt.

Julegåver er kjekke å få – men først man må få ut fingeren for å kjøpe inn, pakke inn og dele ut egne. 

Eg hadde nett levert ein oppslukande eksamen og løfta blikket frå pensumbøkene, då ein sesongavhengig sjukdom tok tak i meg.

Julaften står trugande bakom eit par helger, og eg har endå ikkje byrja å handle inn julegåver.

Tankane vender tilbake mot black week, cyber monday og liknande tilbodstider – alle gjekk meg hus forbi, og no stirrer eg lommeboka i kvitauget.

Kanskje kan eg gje noko eg har liggande? Det spørs om søstra mi ville ha godteke eit innpakka brukt stearinlys og ein kinobillett til Oppenheimer frå august.

Så det ser ut som at årets oppvarming til julekos blir å leike detektiv for å finne fram igjen julegåveønske eg fekk tilsendt for lenge sidan.

Halvparten av ønskene er ting som anten må bestilles frå Slovenia, eller noko som var på tilbod i juli. Det er som om dei har trua på at eg er oppegående nok til å tenkje meir enn to veker fram i tid.

Så i dag venter det nok ein ekspedisjon til Lagunen, der eg blir nøydd til å kjempe meg gjennom bølgjer av folk i same ærend som meg. 

Som ut av ein Charles Dickens bok må vi lide, vel vitande om at dette rotet kunne ha vore unngått. 

Mens eg kavar rundt i forsøket på å finne ut av kva i alle dager ei soyakanne er, lovar eg at dette ikkje skal gjenta seg til neste år. 

Ikkje så veldig langt inne veit eg at det er ei løgn. 

Men jula handlar om å bite tenna saman for juleandens skuld, så det kjem nok pakkar under treet – i år som i fjor.

Powered by Labrador CMS