Debatt

Manglande solidaritet fra UiB

Sjølv om leiinga har svikta oss, held studentane og tilsette på UiB fram med å kjempa for ein permanent våpenkvile i Gaza, skriv innsendaren.

leserinnlegg, Rakeb
Eg synest at det er utruleg flaut at universitetet mitt gav ut ein slik ryggelaus uttale, skriv innsendaren.
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Okkupasjonen av Palestina har blitt ein av dei mest kjende konflikane i verda etter angrepet den 7. oktober. 

Eg antek at mange akademikarar ved Universitetet i Bergen (UiB) har oversikt over situasjonen. Difor lurar eg på kvifor det verker som leiinga på UiB ikkje har ei aning om kva som verkeleg skjer i Gaza.

I eit intervju med Studvest seier rektor Margareth Hagen at «UiB kan ikke ensidig støtte en part når det foregår brudd på folkeretten på begge sider». Då eg las dette begynte eg å lura på om leiinga ved UiB har lært noko av sine akademikarar? Eller slutta læringa med ein gong dei blei ferdige med utdanninga si?

På UiB si side kan ein finne artikkelen «Konflikten mellom Israel og Hamas forklart» som detaljert forklarar okkupasjonen av Palestina.

Det virker som at Hagen og resten av leiinga ikkje har fått med seg denne artikkelen, der førsteamanuensis i midtøstenhistorie Pelle Valentin Olsen skriv at «… med svært høye sivile tap på begge sider, viser ganske tydelig at både palestinere og israelere lider under eskaleringen av konflikten, og at begge folk er ofre for Israels okkupasjon og blokade av Gaza». Vidare i artikkelen blir det forklart korleis over 70 år med Israel sin okkupasjon, kolonisering og apartheidstyre av Palestina har ført til den ubeskrivelege lidinga hjå det palestinske folk. 

DEMONTRASJON: Konflikten har engasjert mange i Bergen. Her fra en av de daglige demonstrasjonene på Torgallmenningen i høst.

Det er nemleg denne lidinga som skapte Hamas. Difor meiner eg at Israel har soleklart ansvar for Hamas sin eksistens. 

Eg synest det er utruleg rart at eit akademisk institutt som UiB, ikkje tek omsyn til denne utruleg viktige konteksten bak angrepet den 7. oktober, og uttalar seg om konflikten på den mest unyanserte, ignorante måten mogleg. 

Eg synest ærleg at det er utruleg flaut at universitetet mitt gav ut ein slik ryggelaus uttale. I tillegg utgjer universitetet seg for å vera nøytral, men samarbeider framleis med israelske universitet, og har utvekslingsprogram med dei. Samtidig har ikkje UiB sagt noko om alle universiteta i Gaza som vart bomba av Israel, eller om dei palestinske akademikarane som blei drepne i angrepa. Det meiner eg er dobbelmoralsk. 

Kva seier dette om eit av dei beste universiteta i Noreg? Anten at leiinga ikkje veit noko om okkupasjonen av Palestina, eller at dei rett og slett ikkje bryr seg om han. Begge alternativa er like forferdelege. Institusjonen UiB viser at han ikkje er oppteken av å ta sine eigne val uavhengig av Stortinget, og at han ikkje er i stand til å ta ærlege, informerte, og nyanserte standpunkt når det kjem til  undertrykking som rammar menneske frå det globale sør.

I lyset av denne utruleg dårlege handteringa av UiB, vil eg setja søkjelyset på palestinske studentar i denne tunge tida, samt studentar og tilsette ved UiB som har vist solidaritet til Palestina. KMD-studentar arrangerte pengeinnsamling til Gaza, og pynta fakultetet sitt i fri-Palestina-plakatar, samtidig som dei møter sensur frå universitetet. I tillegg har tilsette ved UiB arrangerte ein akademisk dugnad for Gaza. 

Så sjølv om leiinga har svikta oss, held studentane og tilsette på UiB fram med å kjempa for ein permanent våpenkvile i Gaza, og ikkje minst eit fritt Palestina.

Debattregler

  • Vil du få din mening på trykk i Studvest? Send innlegget ditt på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.
  • Typiske innlegg er rundt 500 ord.
  • Lengre innlegg kan vurderes i noen tilfeller. Vi tar oss retten til å forkorte og redigere innlegg.
  • Vi trykker ikke innlegg som har vært publisert i andre aviser, fremstår som reklame eller som er hatske og trakasserende.
  • Legg ved et portrettbilde av deg selv.
Powered by Labrador CMS