Studvest får nye redaktørar 

Fra hausten av tek Martin Larsen og Neri B. Shaw øve som redaktørar hjå Studvest. 

NYE REDAKTØRAR: Neri B. Shaw og Martin Larsen.
Publisert Sist oppdatert

Studvest får nye redaktørar og dagleg leiar til hausten.

Martin Larsen tek over som kulturredaktør etter Aurora Kallevåg.

– Eg grugleder meg til å følgje i fotspora til Aurora Kallevåg som kulturredaktør. Ho har vore glimrande i rolla og ein bauta i avisa.

KULTURREDAKTØR: Larsen tek over som kulturredaktør etter å ha vore nyheitsjournalist i tre år.

Larsen seier likevel at han har tru på året som kjem.

– Med ein solid kulturredaksjon i ryggen har eg tru på at dette blir eit fantastisk år.

Samtidig tek Neri B. Shaw over som ny foto- og layoutredaktør etter Siri Angvik.

Shaw seier at han gler seg til å ta fatt på ei spennande ny tid for Studvest, og at han ser fram til å jobbe saman med dei gamle og dei nye redaktørane.

FOTO- OG LAYOUTREDAKTØR: Shaw har vore fotograf i Studvest i tre år før han tek over sjefsrolla.

– Samtidig blir det litt som å hoppe etter Wirkola når eg tek over etter Siri, som har gjort ein kjempejobb og vore ei klippe for alle i fotoredaksjonen.

Ny dagleg leiar i Studvest er Torbjørn Vangen Vandstad, som tek over etter Lars Jacob Ruland Jacobsen.

Malene Langeland Sulen og Iben Lauvland Longva held fram som høvesvis ansvarleg redaktør og nyheitsredaktør fram til desember.

Powered by Labrador CMS