Vaks opp med gitar kring bålet: No rappar han om mørket
Sjølv fortel rapparen at han er lei av å høyre om seg sjølv. – Etter kvart blir ein meir interessert i verda kring seg og mindre opptatt av sitt eiget sinn.
Bergensmusikar Jørgen Engebret (27), slapp debutalbumet «Vi gale har rett» i oktober.
Langs bryggekanten på USF Verftet, der han har brukt talllause timar i studio, mimrar han tilbake til der alt starta.
Litteratur, heimbyen og det indre, påverkar og inspirerar han til å lage den mørke, introspektive kunsten hans.
Frå saksofon til rappar
Da han var barn spelte Engebret saksofon. Seinare skulle han byrje å spele elgitar og lage rappmusikk.
Musikken han lagar i dag er ein kombinasjon av bergensk indie, post-punk og shoegaze.
– Eg har lyst til å skrive melodiar. Eg ønskjer meir melodisk musikk og litt meir fridom rett og slett, fortel Engebret.
Etter å ha oppheldt seg ein månad på Madagaskar for eit par år sidan byrja han å tvile på om det var rapp han eigentleg skulle lage.
– Eg likte godt å sitje i studio, men ikkje å spele konsertar. Eg følte meg ikkje så jævlig kul, så eg var eigentleg litt ferdig med rappen. Eg føler kven som helst kan vere ein indierocker.
Engebret ønskjer ikkje å låse seg til éin sjanger, men musikken hans er framleis prega av rapp. Melodiane han er glad i, spelar på lag med vokalen hans.
Oppfostra på bergensk musikk
Engebret har vore omgitt av musikk heile livet, men den største inspirasjonen kjem frå heimbyen.
– Kva var det som vekka din interesse for musikk?
– Eg har alltid vore veldig glad i musikk og vaks opp i ein familie med mye «raddisar» og kunstnarar. Folk som liker å synge og spele gitar kring bålet, seier han.
– Kva artist er din største musikalske inspirasjon?
– Det tror eg er Fjorden Baby. Eg har blitt oppfostra på bergensk musikk.
Engebret beskriv musikken sin som svart-kvitt, mørk og industriell, og at miljøet på Verftet har vore ein viktig del av dette bilete.
Ei utforsking av det indre
Med ein mastergrad i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen, har litteraturen set sitt preg på musikken hans.
Romanen «Inferno» av August Strindberg har vore med på å inspirere debutalbumet. Boken handlar om ein mann som forlet familien sin og vandrar kring i byen og irriterer seg over sine eigne tankar.
– Eg prøver å skape eit paranoid og overtenkjande narrativ. Som om eg har gått inn i ytterkanten av psyken og prøvd å grave litt der.
Tekstane spring ut frå hans eigne tankar, men han forventar ikkje at publikum skal tolke dei på same måte som han sjølv.
Han forklarar at låten «Tenker som deg», vil kanskje dei fleste oppfatta som ein kjærleiksong, men ifølgje Engebret, handlar den eigentleg om han sjølv.
Samstundes har han ikkje berre lyst til å lage songar som ser innover.
– No er eg ganske lei av å høyre meg sjølv snakke om kva som skjer i mitt eige hovud. Etter kvart blir ein meir interessert i verda kring seg og mindre opptatt av sitt eiget sinn.
Denne nye interessa Engebret siktar til er forfattaren Tolstoj som han meiner har eit breiare perspektiv.
– Det er fordi Dostojevskij beskriv det indre, medan Tolstoj beskriv verdsbilete, meiner rapparen.