Vald som løysning: – All skaden er eit resultat av kva staten har gjort
FRANKRIKE, CAEN/PARIS: Franskmenn er sinte, og studentane er intet unntak. Studvest sin utanriksredaksjon har teke tempen på korleis studentane har det i Paris, der tåregass, trong økonomi og veksande matkøer pregar kvardagen.
– Det er ein fattigdomskrise, og vi blir fortalt at vi skal sjå vekk. Men vi ser det, og vi kjempar mot det.
Dette seier jusstudent Hugo. Han står saman med ein gjeng studentar som har samla seg utanfor Sorbonne-universitetet i Paris. Dørene bak dei er blokkert av søppelspann og syklar.
Midt mellom majestetiske bygningar og fotoglade turistar her på Place du Panthéon, planlegg dei sine neste steg i dei pågåande demonstrasjonane.
– Vi er her først og fremst i solidaritet med skuleelevane, men vi kjemper også for studentane, seier ein av dei andre studentane.
Dei meiner blant anna at dei stigande prisane rammar studentane særleg hardt.
– Nokon av oss slit med å betale leige for å få bu i byen og gå på universitetet.
Studentane ønskjer ikkje å ga ut med bilete og etternamn i denne artikkelen på bakgrunn av konsekvensar som kan oppstå av artikkelen. Studvest er kjent med identiteten deira.
Tåregass og arrestar
Det som byrja som fredelege lærar- og elevstreikar, har eskalert til eit nasjonalt opprøyr der kampsakane spreier seg frå utdanning til generell regjeringsmotstand. Fleire stader har demonstrasjonane enda i valdelege samanstøyt og øydeleggelsar.
Fleire av Sorbonne-studentane meiner valdsbruken først og fremst skuldast politiet sine eigne metoder.
– Folk trur politiet berre reagerer på studentane sin vald, men eg har vore i demonstrasjonane, og det stemmer ikkje. Valden startar hos politiet. Ja, nokon kaster ting og driv hærverk, men det er ikkje proporsjonalt å bruke tåregass på oss alle, fortel ein av studentane.
Økonomistudent Sarah (23) ved Universitetet i Caen meiner på si side at vald er nødvendig:
– Om vi ikkje bruker vald, lyttar ikkje staten til oss. Det er ikkje bra, men eg trur det er den einaste løysninga.
– Så demonstrantane har ingenting av ansvaret for dei store øydeleggelsane?
– Når vi protesterer fredfullt er det ingen som bryr seg, så på eit punkt blir folk sinte og øydelegger ting.
Alle studentane Studvest har snakka med, har alle opplevd tåregass og vener som har blitt arrestert. Dei seier dei er redde for politiet kvar gong dei demonstrerar.
Berre folk som vil øydelegge
Studvest møter også student Shirine Hachmi (22) utanfor Galeries Lafayette. Ho støttar også demonstrasjonane, men er kritisk til hærverket og valden.
– Staten seier at det er ytre venstre som ødyelegger, men det trur eg ikkje. Det er ikkje politisk, dette er berre folk som vil øydelegg ting, og det er ikkje bra.
Ho understrekar at dei aller fleste, ho sjølv inkludert, demonstrerar fredeleg.
Økonomistudent Marwa Zakraou fortvilast også over øydeleggingane, men meiner at ansvaret til sjuande og sist ligg hos staten sjølv:
– All skaden er berre eit resultat av den høge staten har gjort mot desse unge menneska.
Eit mål om å hjelpe
Dagen før besøker Studvest Linkee, ein organisasjon som deler ut overskotsmat frå restaurantar og bakeri gratis til studentar. Ali Nourreddine (29) er ein av dei frivillige her.
Eit steinkast unna lokalet ligg det plakatar og banner på bakken etter dei siste demonstrasjonane. Nourreddine vil likevel ikkje uttale seg om dette.
– Vi snakkar ikkje om politikk her, anna enn at vi ønsker å hjelpe studentane.
Utanfor er det kaldt og overskya, men inne er stemninga varm og leiken. Til høg musikk fyller unge frivillige i blå vestar borda med redda mat: Alt frå grønsaker til jogurt og croissanter.
Om to timer slepp forhandspåmelde studentar inn for å fylle posane sine, heilt gratis.
Det einaste kravet er at ein er student.
– Mistenker ikkje dykk at nokon kan utnytte ordninga?
– Det er ikkje vår jobb å mistenke. Når ein mistenker, dømmer ein, og vi dømmer ikkje, forklarar Nourreddine.
Bor på gaten
Undersøkelser fra Institut français d’opinion publique (IFOP) og Solidarités Étudiantes (Cop1) viser at kring 34 prosent av franske studentar regelmessig hoppar over måltider av økonomiske årsaker, og 16 prosent har hatt behov for mathjelp.
Nourreddine kjenner seg igjen i statistikken, og har sjølv møtt studentar som ser seg nødt til å droppe nødvendige kostnader for å ha nok penger til mat.
– Mange studentar går ikkje til legen, særleg tannlegen, fordi dei ikkje har råd.
Han fortel også om studentar som bur på gata fordi dei ikkje lenger har råd til å betale leige. For dei er matutdelinga her den einaste måten dei får ete på.
Treretters til ti kroner
Eit anna tilbod som er laga til for studentane er ein varm treretters lunsj til kun ti kroner. Det er nesten umogleg å finne i studentkantiner i Noreg, men blei i år eit tilbod til alle studentane i Frankrike. Grepet frå staten skal bøte på studentfattigdomen.
– Det er ein god idé, men ikkje godt gjennomført, seier jusstudent Hugo utenfor Sorbonne.
Tilbodet gjaldt tidligare kun studentar frå låginntektsfamilier. No som det gjeld alle, slit kantinene med sprengt kapasitet.
– Køene her i Paris kan vere fleire kilometer lange. Og på slutten av dagen er det ikkje nok bord til alle, fortell Sorbonne-studentane.
Nourreddine ved Linkee er positiv til tiltaket, men meiner det bør bli utvida:
– Mange har berre éin time lunsjpause, og rekk ikkje å ete før neste time. I tillegg er fleire avhengige av å ta metroen til kantina.
Dobbelt så dyrt som planlagt
Sjølv med manglande kapasitet har ordninga blitt langt dyrare enn planlagt. Staten bevilga 50 millionar euro ekstra i år, men nasjonalforsamlinga anslår at eit fullt driftsår kan koste opp mot 116 millionar euro. Det diskuterast stadig om tilbudet bør kuttast.
Enkelte kritikarar meiner tiltaket er for generelt og burde bli målretta mot dei fattigaste, medan andre krev at det utvidast.
Uansett verkemiddel er hovudfokuset for Nourreddine studentane.
– Dei treng hjelp. Mat er heilt grunnleggjande. Om studentane stressar over om dei får ete i morgon, klarer dei ikkje å lære. Det er både bekymringsverdig og hjerteskjerande.