Meninger

LUKE 16: All I want for Christmas is ny julemusikk

Gje oss fred frå juletorturen, også kjent som Mariah Carey i ei rød tettsittande nissedrakt.

MUSIKK. Eg veit at frustrasjonane mine kanskje heller er retta mot songen enn mot sjølve artisten. Illustrasjon: Anna Jakobsen
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Apropos

Apropos er den frie spalta der Studvest-journalistane kan skrive om akkurat det dei vil. Språket er ofte i munnleg form, og med eit glimt i auget. OBS! Spalta har høy førekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med ei klype (nokre gonger ein neve) salt.

No som vi er snart er halvvegs inn i førjulstida er det på tide for meg å få utblåsing for ein av mine frustrasjonar. Nei, det handlar ikkje om eksamensstress eller korleis eg skal få studiestøtta til å strekke til for gavehandling. Frustrasjonen handlar om noko mykje større.

Mariah Carey.

Eg orkar ikkje meir Mariah Carey. 

Heilt sidan halloweenstæsjet vart satt ned til halv pris, har den sangomsuste «All I Want For Christmas» dominert radio, kjøpesentera og der av mitt hovud.

Kombinasjonar av blokkfløyteliknande tonar, hamrande pianospel og eit bjellehelvete er surra saman til det som er omtala som ein av verda sine mest populære julesangar. 

Sjølv ikkje Kurt Nilsen sin «Himmel på Jord» eller «Home for Christmas» av Maria Mena kjem i nærleiken av å trykke på irritasjonknappane på same måte som juledronninga sin megahit. 

Jaja. Eg veit at frustrasjonane mine kanskje heller er retta mot songen enn mot sjølve artisten. Så eg beklager Mariah, min frustrasjon mot deg handlar fullt og heilt om den eine songen din. Den er rett og slett berre kolossalt overspelt.

Så kjære Mariah Carey. Eg forstår at du vil fortsette å mjølke songen for det den er verdt. Men nokre gongar er det betre for menneskeheita å la vere.

Powered by Labrador CMS