Studentløft: – Vi er godt i gang, men ikkje i mål
Leiaren for Sosialistisk Venstreparti (SV), Kirsti Bergstø møtte opp i anledning valkampopninga til SV i Bergen. Med seg hadde ho Alexander Papas, 2. kandidat for Hordaland. Dei ønskjer å vise sitt fokus på studentar denne valkampen.

– Vi ønskjer å lansere SV sitt studentløft. Det handlar om at vi har dei siste åra vore det partiet som har fått til mest for studentar, fortel Papas.
Vil fortsette jobben
Papas fortel at dei sidan 2021 har auka studiestøtta med 40.500 kroner.
– Det har vore tre separate aukingar på studiestøtta sidan 2021. Hausten 2023 vart den auka til 9022 kroner. Dette vart den største aukinga på sju år. August 2024 auka den igjen med 10 prosent. Frå august 2025 er den igjen auka med 10 prosent og knytt til grunnbeløpet i folketrygda (G). På denne måten blir studiestøtta prisjustert kvart år, smilar han.
Løfte på trykket
Studentpolitikken er eit omdiskutert tema hos alle politikarane, men Bergstø er klar i si tale:
– Ein høyrer om parti som seier at «studentane har godt av å jobbe». Dette er sant, men alle studentar veit at ein må jobbe ved sia av studiet uansett. Målet må derfor vere at folk skal kunne studere på heiltid og ha jobb på deltid. Ikkje andre vegen.

Partileiaren seier at det ikkje hjelp å ha ei lånekasse om studentane ikkje har råd til å ha ein stad å bu, eller må jobbe så mykje ved sida av studiane at dei ikkje har tida til å studere.
– Då blir det eit klart skilje på kven som har pengar heime og kven som ikkje har det. Den forskjellen kan vi ikkje ha, understrekar ho.
Papas seier at om studentar ønskjer å jobbe så er det supert, men det må vere slik at studiestøtta dekker grunnleggande utgifter.
– Studentindeksen frå Norsk Studentorganisasjon (NSO) for 2025 viste at det berre var 2950 kroner igjen til leigeutgifter etter å ha trekt i frå beløpet til ein gjennomsnittsstudent sine andre utgifter, fortel han.
Bergstø fortsett og seier at ein trygg økonomi og stad å bu er grunnlaget for eit godt liv.
Det viktigaste grepet
I Bergen har vi bygd fleire nye studentbustad, utelukka av dei vi har klart å få til etter jul, seier Papas og legg til at han er klar over at dei ikkje er i mål.

Han forklarar at dei må fortsette å gi tilgang til fleire studentbustad i Bergen.
– Vi ønskjer også å gi kommunane høve til å regulere kortidsutleige gjennom mellom anna Air BNB, fordi det er blitt vanskeleg for studentar i pressområdet å få seg bustad. Det viktigaste grepet vi kan gjere her er å byggje studentbustad i rimeleg pris for studentar, fortel Bergstø.
Ho understrekar at visst ein ikkje gjer tak, vil ikkje studiar vere for alle lenger.
– Dykk ønskjer å auke skattane, korleis vil dette påverke studentane?
– Vi skal ikkje auke skattar for studentar og vanlege folk. Vi vil auke frikortgrensa, slik at det ikkje rammar studentar. Vi ønskjer heller at milliardærar skal måtte skatte meir, nettopp fordi dei har mykje og kan derfor gi meir til fellesskapet, seier Bergstø.
Ikkje i mål
Måla om å bygge 6000 studentbustadar årleg på nasjonalt nivå og auka studiestøtte til 2G var også valløfte i 2021. Dei er enno ikkje i mål med dette.
– Vi er godt i gang, men ikkje i mål. Hadde det ikkje vore for SV, hadde det vore enda verre. Visst ein ser på budsjett, så er det SV som har forhandla fram og prioritert å løfte studiestøtta. Det er på grunn av oss at studentar får over 40 000 meir utbetalt årleg, seier Bergstø.
Papas seier at regjeringa sitt forslag før jul var rundt 1400 studentbustadar, men at dei forhandla det til 3000 bustadar i staden.
– Vi vil derfor gjere meir av det vi veit fungerer for å løyse både den økonomiske situasjonen og bustadstilbodet til studentane, avsluttar han.