Nyhet

Omfattande bruk av teknologi på sjukepleiarutdanninga

VID satsar stort på VR. På HVL behandlar studentane ei dokke som lærarane kontrollerer symptoma til. Slik kan teknologi nyttast til å førebu studentane på eit yrke som dreier seg rundt menneske.

FOKUSERTE. Sjukepleiarstudentar på virtuelt heimebesøk i «Solstien 3». FOTO: Aurora Aga Åsheim
Publisert Sist oppdatert

Sjå føre deg å gå inn i ein framand heim. Knapt innanfor dørstokken vert du møtt av ei fortvila kvinne, fordi mor hennar ligg hjelpelaus på sofaen i store smerter, omgitt av ølboksar og pilleglas. Kvinna byrjar å skjelle deg ut, og lurar på kvifor mor hennar ikkje har fått betre oppfølging.

Sjølv vert du ganske satt ut, da dette er ditt fyrste heimebesøk på vakt i heimesjukepleia som uerfaren student.

Slike situasjonar er realiteten, eller rettare sagt, den «virtuelle realiteten», når studentane ved VID vitenskapelige høgskole (Campus Bergen) driv ferdigheitstrening. Ved hjelp av VR-briller får kvar student moglegheit til å besøke det virtuelle læringshuset «Solstien 3», kor ulike scenario og pasientkasus ventar.

Denne dagen er det sjukepleiarstudentane på tredjeåret som skal på kartleggingsbesøk hjå «Gudrun». Studvest fekk vere med på heile seansen.

Heimebesøk
UTSTYR. Briller og handhaldt kontrollar delast ut til kvar enkelt. FOTO: Aurora Aga Åsheim

Kvar deltakar får utdelt eit sett VR-briller, hovudtelefonar, og handhaldt kontrollar. Eit par tastetrykk seinare står underteikna midt i stova til «Gudrun», som ligg samankrøkt i sofaen, medan pårørande undrar seg på om ikkje den uerfarne Studvest-journalisten snart skal sette i gong tiltak for å hjelpe pasienten.

Det heile følast skremmande realistisk og tidvis ganske ubehageleg.

Etter nokre intense minutt i rolla som behandlande helsepersonell får journalisten omsider legge vekk VR-settet og fiske opp att notatblokka. No som kvar student har gjennomført heimebesøket individuelt, er det felles oppsummering kor ein skal dele tankar og refleksjonar rundt pasientmøtet.

SAMTALE. Førstelektor ved VID, Nina Sletteland, leier refleksjonsrunden. FOTO: Aurora Aga Åsheim

Ifølge førstelektor Nina Sletteland, er nettopp refleksjon sjølve kjernen i opplegget, og ho er oppteken av at vi alle har ulikt blikk på krevjande situasjonar. Ho ynskjer å utfordre studentane, ikkje berre medisinskfagleg, men også på det emosjonelle planet.

Sjukepleiarstudent May Nguyen (21) fortel at besøket vekka kjensler, og at ho tidvis følte seg både makteslaus og frustrert i møte med pasient og pårørande.

Sjølv om det var litt ekkelt i starten, er ho klar på at dette er ein god ting og er glad for å kunne førebu seg på situasjonar som truleg vil dukke opp når ho etter kvart skal ut i praksis.

LÆRERIKT. May Nguyen (21) er positiv til bruk av VR i undervisninga. FOTO: Aurora Aga Åsheim

Ho får støtte frå medstudent Zahra Noor (38), som meiner treninga vert meir realistisk ved bruk av VR.

– Det var som om eg faktisk var inni leilegheita, fortel ho.

VR vart teken i bruk i undervisning for fyrste gong i fjor og har så langt vore eit frivillig supplement. Frå hausten av skal tilbodet innførast som ein obligatorisk del av sjukepleiarutdanninga ved VID. Sletteland har stor tru på å bruke teknologi på denne måten og har sjølv vore med på å forske på effekten slike læremiddel.

– Kvifor er det ein god idé å auke bruken av teknologi i eit felt kor ein tross alt skal møte menneske?

SIMULERING. Liv Irene Ruud viser éin av mange testlaboratorium ved SimArena på HVL. FOTO: Maiwenn Knapskog

­– Dette handlar om å bruke pedagogiske verktøy som har best mogleg effekt for læring. Vi har ganske mykje forsking som viser at simulering fungerer bra for læring. Vi har no fått moglegheit til å nytte VR-briller i simuleringa og ser at også dette fungerer godt.

Ferdigheitstrening kjem i mange former

Såkalla simuleringstrening er ein form for rollespel som gjerne finn stad på eigne testlaboratorium. På «SimArena» ved Fakultet for helse- og sosialvitskap på HVL, kan sjukepleiarstudentane blant anna trene på ein eigen jordmorlabb, operasjonslabb og sjukepleiarlabb.

Her har dei eigne pasientdokker kopla opp mot eit kontrollrom, kor faglærar kan simulere respons på behandlinga studentane gjev.

Fagleg koordinator for SimArena, Liv Irene Ruud, fortel at simuleringstrening gjev høve til å øve både på vanlege prosedyrar som stell og mobilisering, men også sjeldnare, og ofte akutte situasjonar som hjarte- og lungeredning.

Ho er, som Sletteland frå VID, klar på at debrief og samtale i etterkant av simuleringa er den viktigaste delen av opplæringa. Det er her studentane får høve til å reflektere rundt kva som gjekk bra og kva som kunne vore gjort annleis. Det er her ein verkeleg får det store læringsutbyttet, meiner Ruud.

POSITIVE STUDENTAR. Fra venstre: Kristin Lina Småland (44), May Nguyen (21), Zahra Noor (38). FOTO: Aurora Aga Åsheim

Tilbake på VID, med brillene lagt tilbake i skuffane og refleksjonsrunde vel gjennomført, er det brei einigheit blant studentane om at VR-simulering er noko dei ynskjer meir av.

Om storsatsinga går som planlagt, vil VID-studentar over heile landet om kort tid kunne besøke Solstien 3, med alle dei utfordringar og moglegheiter huset har å by på.

Powered by Labrador CMS