Taktlaus klage på taktlause buekorps

La meg få hate buekorpsa.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en apropos. Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Det kan forekomme satire, sarkasme og ironi, og aproposen bør tas med en klype salt.

Det er vår, og studentane samlar seg på campus for å få ro til å arbeide med eksamen. Du får ikkje gjort noko på den knøttlitle hybelen din, så du sit på lesesalen for å få konsentrert deg. 

Plutseleg høyrer du dei. 

Trommene.

Våren er òg tida då byens buekorps øver seg på å marsjere i gatene. Og du skal halde fint kjeft om du ikkje likar det.

«Buekorps é en Bergensk tradisjon. Om du ikkje likar det kan du flytte vekk!» er noko du høyrer frå gamle fanastrilar når ein innflyttar er misnøgd. Dei er nemleg ikkje plaga med tromming i tide og utide, fordi dei har god lydisolasjon og bur eit stykke frå sentrum.

Fylleslagsmål med tyske handelsmenn er òg ein bergensk tradisjon, og den er mykje eldre enn buekorps, men ein ser aldri nokon ta til orde for dette. 

«No é det vår!» kan ein òg høyre når trommene blir ein del av bybiletet. Som om vi ikkje har ei røys med vårteikn som faktisk er behagelige, som utepils og studentar som demonstrerer utanfor rektors kontor..

Trommelyden er ikkje det einaste som er fælt med denne tradisjonen. Då eg gjekk forbi eit buekorps for eit par veker sidan, såg eg, forskrekkande nok, at ingen av dei hadde øyrebeskyttelse. 

Bergenske ungdommar går altså rundt med skarptrommer utan høyrevern. Ikkje rart vaksne bergensarar er så høglytte, alle er jo høyreskada frå barndommen.

Eg elskar Bergen, og eg er heilt med når ein snakkar om Bergen som noko særeigent, fråskilt frå det norske. Men kan vi ikkje feire dette på ein annan måte enn ved å bråke så jævlig?

Eg innser jo at vi aldri kjem til å få bukt med buekorpsproblemet, men vær så snill, la oss få klage litt, utan at vi blir bedt om å flytte vekk.

Powered by Labrador CMS