Stakk av med NM-sigeren

For første gong har HF-revyen vunne studentrevy-NM under Uka i Ås. Revysjefen beskriv det som eit eventyr og ser allereie framover.

GJÆV PRIS: Årets HF-revy vann for beste musikalnummer under noregsmeisterskapet i studentrevy.
Publisert

Årets HF-revy som hadde tittelen «Neste stopp: Bergen?», vart nominert med heile to nummer til årets NM i studentrevy.

Under Uka i Ås laurdag 17. oktober vann revyen den gjæve førsteplassen for beste musikalnummer. 

Dette er første gong HF-revyen har vunne NM i revy. Revysjef Ole Kristian Ugulen, gleder seg over utmerkinga og sigeren for beste musikalske nummer.

«Eit eventyr»

Ugulen beskriv opplevinga som eit eventyr, og meiner sigeren set Bergen på kartet – i revy samanheng vel å merke.

– Revyen har verkeleg stått på og eg er utruleg stolt over kva alle saman har fått til. Denne prisen betyr ekstra mykje etter all den innsatsen alle har lagt i revyen i år. Eg håpar også at denne prisen set Bergen litt på kartet i revy samanheng.

Allereie no ser han fram mot revyens neste framsyning som kjem etter jul.

POLARISERT PULINGS: Namn som grenser til det grove er venta når det kjem til studentrevyar.

– Me er allereie godt i gong, seier revysjefen.

Også regissøren for årets revy, Kim Haugen, gler seg over sigeren og fortel at «å vere regissør var noko av det morosamaste eg har opplevd».

– Det å avslutte mi studentrevy-tid med å vinne NM er heilt utruleg og noko eg aldri kjem til å gløyme, utbryt Haugen.

Powered by Labrador CMS