Dobbelt så mange kan bli smitta av skabb i år

Skabbmidden spreiar seg igjen med stor fart. Fortsett utviklinga som no, kan talet på smitta vere dobbelt så høgt som i fjor.

FORVEKSLING: Skabben trives best i dei korkane merka med raudt på biletet. Helsesøster ved Engen helsestasjon fortel at fleire forvekslar eventuell kløe på kjønnsorgana, grunna skabbinnfeksjon, med klamydia.
Publisert Sist oppdatert

Første mars i år kunne blant anna NRK melde om skabbepidemi i Oslo-området. No er utbrotet også kome til Bergen. 

Direktør ved Haukeland Universitetssykehus, Lisbeth Rustad, skriv i ein mail til Studvest at dei har registrert ei auke av skabbførekomst dei siste åra – og auka fortsett i år.

Flest unge blir smitta

Ved Hudavdelingen har det, per 19. mars, blitt registert 54 tilfeller av skabb, samanlikna med rett over 100 tilfeller totalt i 2018. Dette er tal på pasientar som har blitt diagnosert. Tilfelle der det er mistanke om skabb kjem i tillegg.

INGEN PANIKK: Helsesøster, Lillian Brekke, fortel at skabbmidden verken smitter ved lett kroppskontakt eller dårleg personleg hygiene.

– Viss denne trenden fortsett, vil talet på tilfeller doblast i 2019 samanlikna med i fjor, skriv Rustad.

Alder er ikkje registrert i tala Studvest har fått tilsendt, men Rustad skriv at inntrykket er at det er ei tydeleg overvekt av unge mennesker. I tillegg ser dei også skabb i barnefamiliar, institusjonar og i kommunal pleie og omsorg.

Ved helsestasjonen for unge og studenter i Bergen, Engen helsestasjon, kan helsesøster, Lillian Brekke, bekrefte inntrykket til Rustad.

– Det har vore fleire innom med sår, utslett og intens kløe som er skylda skabbinfeksjon den siste tida, fortel Brekke.

Skabbmidden som forårsaker den intense kløa smitter oftast ved naken kroppskontakt, og smittar altså ikkje gjennom eit enkelt håndtrykk, kan Brekke berolige.

Nødvendig med kur

Skabbmidden er ikkje farleg, men det er likevel viktig å gjennomføre behandlinga då midden ikkje forsvinn av seg sjølv. Behandling er og, ikkje minst, nødvendig for å unngå å smitte andre.

– Dei som mistenker at dei er smitta burde dra til fastlegen for å få stilt diagnosen, og deretter følge kuren slik det står på pakken. I tillegg burde alle dei du bur med og eventuelle seksuelle partnere bli varsla og ta kuren sjølv, fortel Brekke.

I tillegg til å ta kuren, skal ein vaske sengetøy og klær på 60 grader, eventuelt fryse det i eit døgn om dette ikkje let seg gjere, og dyne og pute burde henge luftig og kjølig eit par dager. 

Ikkje teikn på dårleg hygiene

Før ein visste at utsletta som skabbmidden ofte førar med seg er grunna ein allergisk reaksjon, assosierte ein utsletta med dårleg hygiene.

ÅRSAKA: Her er skabbmidden som forårsakar ei intense kløe grunna ein allergisk reaksjon på avføringa den legg igjen i kanalane under huden. FOTO: By Kalumet – de.wikipedia, CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=41339

– Ein får ikkje skabb på grunn av dårleg personleg hygiene, men om ein har nedsett immunforsvar vil ofte utsletta vere meir omfattande, fortel Brekke.

Tilfeldig epidemi

Overlege ved Smittekontoret i Bergen, Tommy Thorsen, kan fortelle at årsakene til utbrotet er skylda tilfeldigheiter.

– Det er i hovudsak to grunner til at slike epidemiar oppstår. Først og fremst vil skabben smitte raskt der folk omgås tett, som i heimer, på skular, og på treningssenter. For det andre er det registrert ei viss frekvens av resistens mot Nix-kremen som blir brukt til behandling, og desse personane vil dermed kunne fortsette å smitte andre.

I tillegg legg Thorsen vekt på at midden kan leve eit par døgn i luft ved optimale forhold, og at det derfor er nødvendig å vaske eller henge vekk tøy som har vore i kroppskontakt for å bli kvitt skabben.

– Blir ein ikkje kvitt skabben, kan ein fortsette å smitte fleire.

Powered by Labrador CMS