Eg tok eit år utan alkohol
No er året snart omme. Og det gjekk fort.
Dette er en kommentar. Teksten gir uttrykk for forfatterens egne meninger.
Det gjekk bra på sett og vis. Heldigvis.
Men eg skal innrømma det. Eg gjekk fem på. Slik som mange før meg.
Eg tok alle desse nære og kjære influensarane på alvor. Dei som så altfor ofte dreg livsløgna ut i frå eit kvart gjennomsnittsmenneske - og lykka i same slengen.
Dei som lever livet på oppsida. På overflata. Langt unna det meiningsfulle djupet og kvardagen der me andre overlever.
Kutt ut alkoholen, sa dei, og du vil aldri sjå deg attende.
Du høyrer dei stadig i media. Dei ny-nyktre kjendisane som snakkar så varmt og raust om livet utan alkohol. Nett som det skulle ha vore ei openberring berre dei har fått med seg, som dei no må få alle andre med på.
Ei omvending til det ekte livet. Liksom. Til frelse. Utan vin og surdeigsbrød.
Sober-curiosity. Bio-hacking. Livsstilsoptimalisering. Sjølvhjelp.
Er det verkeleg det som er livet?
Talet på fødslar går nedover. Mental helse er i vinden som aldri før. Einsemd er noko alle kjenner på. Skjermtida er høgare enn sjølvtilliten blant dagens unge.
Men er social running, badstu, kalddusj, måling av søvnscore og eit liv utan alkohol det me verkeleg treng?
Kanskje løysinga ligg i midten. Eller ein annan stad. Kanskje i ein våg me ikkje har visst um.
Livet vårt treng nyansar. Det er det me treng. Livet er meint til levast i fargar. Ikkje svart kvitt.
Eg gjekk fem på. Eg tok dei på ordet. Eg står for det. Eg lever greitt med at dei siste, snart tolv månadane, får eg aldri igjen.
Men eg er rikare. På erfaringar. Eg er rikare til sinns. Mest av alt er eg rikare på det som livet inviterer oss til.
Har du noe på hjertet?
Ønsker du å ytre din mening? Vi i Studvest vil gjerne høre fra deg!
Send ditt innlegg på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.
Tips for innlegget ditt:
Lengde: helst 1800–2500 tegn (inkludert mellomrom), men lengre bidrag kan vurderes.
Husk å gi innlegget både tittel og ingress.
Legg ved et portrettbilde av deg selv vi kan bruke, og oppgi fotografens navn dersom bildet skal krediteres.
Oppgi også hvilken tittel du ønsker å stå med.
Vi forbeholder oss retten til å redigere innlegget ved eventuell publisering.
Gi beskjed dersom innlegget allerede er sendt til andre medier.