Apropos

– Sinnet kokar i meg

Livet er ikkje like enkelt når du er 163 cm lav.

FOTO: Anna Jakobsen
Publisert Sist oppdatert

Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Spalten har høy forekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med en klype (noen ganger en neve) salt.

Eg treng krakk for å rekke opp i andre hylla i kjøkkenskapet. (Trur det er derfor mamma alltid har hatt snopet på den øvste hylla.)

Eg har opplevd at gjennomsnittleg høge gutar kvilar armen sin på hovudet mitt.

På trening må eg klatre opp på stativet for komme i rett posisjon til å ta pull-ups. No høyres det ut som dette er noko eg gjer jamnleg, men eg klarar så vidt èin. Med strikk.

Dette kan eg leve med.

Men det er ein ting eg ikkje kan finne meg i lenger – å betale dyrt for å gå på konsert, for så å ende opp med å stå bak tre giraffar av nokre mannfolk som breiar seg utover og oppover.

Altså, hallo. Her har eg liksom førebudd meg godt.

Eg har teke på meg dei høgaste hælane eg eig. (Dei er så ubehagelege, og dritfarlege dersom det er litt vått på brusteinen – og det er det jo alltid i Bergen.)

Eg er tidleg ute slik at eg kan sikre meg god plass.

Dette, i kombinasjon med jævelskapen av nokre helar, tenkjer eg må vere den ultimate komboen for god sikt.

Men nei.

Her kjem Ole, Dole og Doffen og stiller seg rett framføre meg. Utsikta mi er no skulderpartiet til Dole.

Sinnet kokar i meg, men eg bit meg i leppa for å ikkje sleppe det laus.

“Du kunne jo spurd om dei kan flytte seg,” tenkjer nok du. Ja det kunne eg, men eg tykkjer det er ubehagelig å seie ifrå.

Så her er mine krav:

Alle som er over 173 cm høge, må stå bakerst i salen. Om dei kom med nokon som er lågare, too damn bad. Bak med deg!

Og dei må kjøpe eigen billett, som er litt dyrare, for å kompensere for all arealet dei opptar.

Føyer du deg ikkje, bit eg deg i knehasen.

Powered by Labrador CMS