Eg spring, derfor er eg – litt betre enn deg
Eg hadde fullført halvmaratonet og fått min medalje, men heideren frå familien føltes plutseleg mindre viktig då spørsmålet kom: «Kva vart tida?» Er det ikkje nok å ha gjennomført?

Dette er en apropos. Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Det kan forekomme satire, sarkasme og ironi, og aproposen bør tas med en klype salt.
Eg spurta mot målstreken – utmatta, gjennomsvett og høg på endorfinar. Eg har tross alt sprunge 21.500 meter og klatra meg opp Fjellvegen. Kroppen skrik, men sinnet jublar.
Vi får kvar vår medalje, eit fysisk bevis på den innsatsen vi har lagt ned. Dette er ein dag å vere stolt over.
Seinare kjem ein heim til familieselskap. Her ventar heder og ære. Alle vil høyre korleis det var å springe, og rosar innsatsen. Eg kjenner meg sett og anerkjend – heilt til onkel spør:
«Kva vart tida?»
Brått mister ein anerkjennelsen for at halvmaraton var imponerande. For kjære onkel meinar, heilt tydeleg, at halvmaraton først er imponerande om det blir gjort på under to timar. Dette gjer han heilt krystallklart, men trøystar med å seie at det viktigaste er å fullføre. Der sit han – godt planta i sofaen, ein mann som aldri har sprunge meir enn fem kilometer i sitt liv, men likevel har stålkontroll på kva som er imponerande.
Så kjem neste kommentar, frå eit anna familiemedlem:
«Kvifor ligg det ikkje på Strava?»
For – gud forby – det kan vel ikkje vere sant før det finst digital dokumentasjon. Medalje? Bilete? Tilstadeverande vitne? Alt er irrelevant. Ingen Strava, ingen prestasjon.
Det er facinerande: På den eine sida har vi onkel, utan snev av sjølvironi. På den andre sida ein Strava-jocky som treng bekreftelse av alle for å ha ro i sjela.
Men veit du kva? La dei halde på. Du veit kva du har gjort. Du veit kva det kosta. Og kanskje, berre kanskje, er det nok.
Medaljen heng rundt halsen. Beviset på at du sprang for noko større enn klokka. Du sprang for deg sjøl.
Så får resten spring etter.