Eit universitet for alle
I møte med studentvalet i år, har eg reflektert litt over korleis Universitetet i Bergen kan vere eit universitet for alle.
Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.
For ein sentral del av utdanning, handler om å skape moglegheiter for alle. Moglegheiter til å forstå verda, til å forme sitt eige liv og til å bidra til samfunnet. Gjennom utdanning kan alle få slike moglegheiter, uavhengig sosial bakgrunn. Diverre er dette prinsippet stadig under press.
Kvart år bruker studentar enorme summar på pensumlitteratur. Berre i fjor brukte eg nøyaktig 2335 kroner på pensumlitteraturen til mitt studium. Tenk litt på det. 2335 kroner. Som student har ein lite å rutte med frå før av, og når ein fort må bruke nokre tusenlappar på pensumlitteratur, er det noko ein merker i kvardagen. Dette er pengar eg helst ville brukt på noko anna, som å leve eit vanleg studentliv.
Og studentlivet blir ikkje betre av at skuleeksamen er den dominerande vurderingsforma. Som vurderingsform bidrar eksamen til å halde studentar tilbake. Ein skuleeksamen er kanskje berre ein dag i livet, men den har stor betydning for resten av det. Når dette er tilfelle, set det eit stort press på den enkelte. Eg kan bruke meg sjølv som eksempel. Eg har konsentrasjonsvanskar, og på grunn av dette klarer eg ikkje alltid å prestere mitt beste. Det finst løysingar på dette i dag, men det er ikkje alltid dei er gode nok. Dette fører til at det som elles hadde vore ein B, blir til ein C eller D.
Samtidig blir det heller ikkje noko betre, når sentrale aktørar innan utdanning no ynskjer, å avgrense bruken av alternative vurderingsformer. Når enkelte, som meg sjølv, stiller svakare enn andre, kva moglegheiter skaper då utdanning for meg?
Dersom utdanning skal skape moglegheiter for alle, er det viktig at den blir tilpassa den enkelte. For det første bør Universitetet i Bergen jobbe for å innføre ei panteordning for eldre bøker. Dette vil gjere det mogleg for enkeltstudentar, å enkelt og billig få tilgang til pensumlitteratur. Samtidig vil dette vere positivt for klima, ettersom det garanterer at eldre bøker blir gjenbrukt, og ikkje kasta på bossdynga eller gløymt på eit loft. For det andre bør Universitetet i Bergen ta i bruk fleire alternative vurderingsformer. Gjennom alternative vurderingsformer vil det bli enklare for den enkelte, å kunne oppnå sitt fulle potensial.
Som student er eg stolt over å kunne studere ved Universitetet i Bergen. Universitetet har lange tradisjonar, og det har hatt stor betydning for både Noreg og meg sjølv.
Gjennom å studere her har eg fått møte nye venner, samtidig som eg har fått fordjupe meg i eit fag eg interesserer meg for. Samtidig skammer eg meg over den noverande tilstanden til universitetet. Studentlivet kan vere tøft, og det er ikkje alle som er like godt rusta til den. Når dette er tilfelle, kan enkelte falle frå. Og dersom enkelte fell frå, kan ein spørje seg sjølv: Kva er poenget med utdanning, dersom det ikkje skaper moglegheiter for alle?
Heldigvis har me, som studentar, ei moglegheit til å gjere noko med dette. Me har våre eigne representantar på Universitetet i Bergen, og desse er til for å tene oss. Ved å stemme i årets studentval, kan du bidra til å gjere ein forskjell. Me hadde jo, trass alt, ikkje hatt lesesalar, dersom det ikkje var for studentdemokratiet vårt.
Godt val!
Har du noe på hjertet?
Ønsker du å ytre din mening? Vi i Studvest vil gjerne høre fra deg!
Send ditt innlegg på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.
Tips for innlegget ditt:
Lengde: helst 1800–2500 tegn (inkludert mellomrom), men lengre bidrag kan vurderes.
Husk å gi innlegget både tittel og ingress.
Legg ved et portrettbilde av deg selv vi kan bruke, og oppgi fotografens navn dersom bildet skal krediteres.
Oppgi også hvilken tittel du ønsker å stå med.
Vi forbeholder oss retten til å redigere innlegget ved eventuell publisering.
Gi beskjed dersom innlegget allerede er sendt til andre medier.