Kvifor vil ikkje HF-studentar vere fadrar?

Det går rykte om faddermangel på humanistiske fakultetet. – Dei har slite kvart år sidan me byrja, trur eg, seier ein tidlegare fadder.

NYE FADDERBARN: Gatene er fulle av nye studenter kveldene i august. ILLUSTRASJONSFOTO: ARKIV/ Truls Skram Lerø.
Publisert Sist oppdatert

I august blir byen som vanleg fylt av gjengar med rusa, ferske studentar kledde i dyrekostyme, afterski-klede eller originale hattar. Endå meir rusa, erfarne medstudentar leiar dei frå bar til bar. På det humanistiske fakultetet hjå Universitetet i Bergen (UiB) blir kanskje ikkje «snusboksen» kasta med same slagkrafta som hos andre – der går det nemleg rykte om faddermangel. 

Kva er det som eventuelt hindrar humanistane frå å melde seg som fadrar? Studvest møter HF-are på Høyden for å høyre om deira erfaringar.

– Ei lite kjekk oppleving

Elise og Emma studerer religionsvitskap og har ikkje søkt om å vere fadrar i år. Elise har derimot stilt to gonger tidlegare.

LIKE: Elise føretrekte å vere fadder for studentar som skulle studere det same som ho.

Den første gongen skildrar ho som ei «lite kjekk oppleving». 

Ho fekk fadderbarn frå eit anna studieprogram og kunne ikkje svare på faglege spørsmål.

– Eg kjende at eg ikkje strakk til, legg ho til. 

Elise stilte likevel igjen, men då med krav om å få fadderbarn frå sitt eige studium. Det blei ei mykje finare veke, fortel ho.

Lesesirkel på litteraturhuset?

DROPP DRIKKELEIKAR: Litteraturstudentane har eit utradisjonelt forslag til korleis ein kan engasjere fleire HF-studentar i fadderveka.

Litteraturstudentane Ellen og Oda innrømmer at dei aldri har vurdert å stille som fadrar. Dei ønskjer ikkje å skjera alle humanistar over éin kam, men dei undrar om den «klassiske fadderveka», med «silent disco» og utleverande drikkeleikar, kanskje ikkje appellerer til den gjengse HF-studenten. 

På spørsmål om kva humanistane heller ville sette pris på, svarar Oda «lesesirkel?», i ein spøkefull tone. 

– Ei løysing kunne vore å tilpasse fadderveka meir til kvart studieprogram. Til dømes kunne litteraturstudentane dratt på litteraturhuset, og ikkje nødvendigvis følgja same mal som alle andre, seier Oda.

Eit gjentakande problem

– Dei har slite kvart år sidan me byrja, trur eg, seier Tuva Eikrem Fiskaa.

Studvest møter ho saman med Sofia Louis Macsali og Sruthi Sivachandran. Dei er alle tre lektorstudentar, og har erfaring som fadrar. På spørsmålet om dei opplever at HF slit med å skaffe seg nok fadrar, er svaret eit høgt og samstemt «ja» frå vennegjengen. 

– Det er veldig mykje mas frå fadderstyret, det er jo eit teikn på at dei har for få, seier Fiskaa.

Folk måtte sitje på golvet

Faddermangelen blir også merka på det ujamne talet mellom talet på fadderbarn og fadrar. Jentene melde seg som fadrar saman, men blei delt opp like før fadderveka. Dette førte til store grupper fadderbarn per fadder.

UTILSTREKKELEG: Fiskaa synast det var vanskeleg å vere ein god fadder da ho hadde nærare 40 fadderbarn.

– Det er ikkje lett å få plass til 40 stykk på eit vors i ei lita studentleilegheit, så folk måtte sitje på golvet, seier Macsali.

Mange namn å lære

Lektorstudentane meiner at det høge talet på fadderbarn per fadder gjer det vanskeleg for fadrane å gjere jobben sin. 

– Når ein får «slengt på seg» så mange folk, er det så vidt ein rekk å lære seg namna deira, seier Fiskaa.

Ho fryktar at fadderbarna i gruppa deira ikkje kjende seg godt nok varetekne. Negative opplevingar hos fadderbarna kan få ringverknader for framtidig rekruttering, trur ho.

Nisjestudium og fråhaldskultur

På HF finn du ei rekke studium med få studentar, til dømes japansk og tysk. Mangfaldet av ulike studieløp og interesser gjer det vanskeleg for studentane å finne samhald i fadderveka, trur Macsali. I tillegg passar ikkje drikkekulturen i fadderveka alle: langt ifrå alle HF-studentar kjem frå russebussar, meiner ho.

– Du finn ei blanding av folk som studerer masse kule ting, men gjerne har litt andre interesser, sier Macsali. 

Ho lurer på om festfokuset i fadderveka kanskje ikkje passar for HF-stereotypen.

«Sinnsjukt viktig»

Lektorstudentane Håkon og Magnus og Embla deler inntrykket om at få HF-studenter melder seg som fadrar, men dei var sjølv nøgde med si eiga fadderveke:

– Eg opplevde fadderveka som veldig gjevande. Me var alle i same faddargruppe, så sosialt sett var det «kjempealright»! 

Dei har vidare ingenting å utsetje på fadderstyrets innsats, og er alle samde i at fadderveka er «sinnsjukt viktig».

«KJEMPEALRIGHT»: Fleire år etter fadderveka er lektorstudentane framleis venner, eit teikn på ei vellykka ordning, meiner dei.

Nektar for faddermangel

I ein mail til Studvest skriv årets fadderstyre at dei kjenner seg igjen i at det er vanskeleg å få tak i fadrar, men at dei akkurat har starta arbeidet. Fjorårets styre ber oss om å kontakte leiaren for Humanistisk Studentutval (HSU), Filip Rønning Jakobsen. Han deler ikkje oppfatninga om at fakultetet lid av faddermangel. 

– Me er nøgde med fadrane me får, men ønskjer alltid at det skal kome fleire, seier Jakobsen. 

Han får høyre om erfaringane til lektorstudentane som vart delt opp under fadderveka. Spreiing av fadrane er nødvendig for at studentane i dei mange studia på HF skal få fadrar, forklarer HSU-leiaren. 

Stor leilegheit er ikkje eit krav

Om det blir rekruttert for få fadrar, skuldast det ikkje innsatsen frå fadderstyret, fakultetet eller HSU, men låge søkjartal, meiner Jakobsen. Det kan vere grunna i misoppfatningar om kva som er venta av fadrane: 

– Å ha ei stor leilegheit er ikkje ei føresetnad for å vere fadder, seier Jakobsen. 

HSU-leiaren viser til at Kvarteret leiger ut rom gratis. Han legg til at fadrar kan nytte seg av studentbarane eller vere ute i fint vêr om dei ikkje har plass innendørs.

Eit frø er planta

Leiinga i HSU fryktar at ei sak med vinklinga «kvifor vil ingen vere fadrar på HF?» kan skremme folk frå å søkje. 

Tilbake på Høyden verkar det derimot som om fleire har ein fadder i magen. 

– Kanskje me bør bli fadrar?, høyrer me når intervjuet med litteraturstudentane blir avslutta. 

– Jo, kanskje det?, er svaret som lyder når me snur oss for å gå.

Powered by Labrador CMS