Jenter pyntar, gutar held igjen:

Her er årets russemotar

«Straight» eller «loose» passform? Med eller utan seler? Kva slags trendar som blæs gjennom russeverda for tida? Russen på Langhaugen VGS gir oss svara.

OPPSPART FRI: At russen «sparer opp» fridager til mai er eit kjent fenomen på Langhaugen VGS.
Publisert

Eksamensstresset har letta og dagen derpå-stemninga har landa. Lukta av takeawaylunsj frå McDonald's brer seg i salen. 

Mange tredjeklassingar har spart på dei ti prosentene med fråvær som ein kan dokumentere sjølv til russetida. Det er synleg i aulaen på Langhaugen VGS, der det er påfallande få raude og blå bukser å sjå. Innpakka i parkasar og dekte med strykemerke finn vi likevel nokre nyutsprungne, litt døsige russ. Fleire legg beina på dei runde borda, som ifølgje elevane har høgare status enn dei firkanta. 

– I timen i dag møtte det berre 10 stykk, ler Thilie Løw Kjeldsberg (18), russepresident på Langhaugen VGS. 

Kledd i ein gullfarga parkas tek Thilie Løw Kjeldsberg (18), russepresident på Langhaugen VGS, oss imot for å vise oss russeverda og årets trendar.

– I timen i dag møtte det berre 10 stykk, ler Kjeldsberg.

Stjerner og «regular-fit»

Kjeldsberg er med i russegruppa «Runaway». Jentene der har pynta dressene sine med stjerner – den første tydelege trenden vi legg merke til. Også referansar til eigen russegruppe og «heimesnekk» prydar antrekka.

Når det gjeld passform er dei opptekne av komfort, og å ikkje skilje seg for mykje ut. Passe breidde på buksebeina – ikkje for stram eller for vid «fit». 

RUSSEGRUPPE: Jentene frå gruppa «Runaway» ler når dei fortel om korleis dei trendy buksene blir våte av å treffe vanndammar.

– Dei vidar seg og blir stygge uansett, seier Frida Hegland (18). 

Jentene er påverka av trendbiletet, som i fleire år har vore prega av buksebein som subbar i bakken. 

– Eg skulle ønske at buksene mine var lengre, seier Frida Gautestad Norheim (18).

Snikkarbuksa

Medan stort sett alle går med heildresser, meiner jentegjengen at snikkarbuksa er på veg tilbake. Trenden var størst på tidleg 2010-talet, men gjengen spår at den skyt fart neste år.

Mia Sannes (19) køyrer «more is more» når det gjeld å pynte snikkarbuksa.

Sannes er den einaste snikkarrussen Studvest møter. Buksa kjøpte ho på Finn.no, inspirert av dei tidlegaste assosiasjonane sine til russen. På dressen hennar er det meir enn bukseselene som skil seg ut. 

– Barn har spurt meg om kva slags russ eg er, fordi dressen min har så mange fargar, seier Sannes.

Langs sidene på buksebeina har ho sydd inn skinnande, blått stoff for å gjere dei vidare. Sannes har også malt teikneseriefiguren Nemi på det eine beinet. Med glitter over det norske flagget er ho ein enkel russ å få auge på. 

Russekortet

Det er ikkje berre dressen som opnar for kreativitet hos russen. Mange er også opptekne av å gi russekortet sitt eit personleg preg – gjerne ved å skrive noko internt. 

Klisjéer som «Adresse: i kjelleren på et nach» vil «Runaway»-jentene unngå. Kjeldsberg har til dømes skrive adressa til kjæresten, sidan vennene hennar kan sjå at ho ofte er der på «Snap-kartet». 

Å skrive noko internt på russekortet er viktig for dei fleste vi møter.

Danseeleven Henrik Bødtker (19) har designa russekortet sitt som eit Pokémon-kort.

– Barna elsker dei, seier han.

Bødtker er også ein av få gutar vi møter som har pynta dressen med meir enn årstal og bokstavar.

Er gutane «giddalause»?

Medan jentene vi møter har malt, brodert og sydd på dressane sine, verkar dei fleste av gutane å køyre ein meir minimalistisk stil. Vi ser knapt anna enn etternamn og bokstavane «GIMLE» – ungdomsskulen i nærleiken – på gutedressene.

Ömer Bahli (19) har meir «merch» frå russegruppa enn pynt på dressen.

– Gutane er meir «giddalause». Dei har berre det mest nødvendige på dressen, seier Kjeldsberg. 

Når vi konfronterer guttegjengen bak bussen «Skylanders» med fråværet av russebling på dressane deira, vert vi først motsagte:

– Vi har lagt ned mykje innsats! seier ein av gutane og lyfter leggen, som er pryda av eit heimesydd årstal. 

– Jentene bryr seg meir om klesstil, seier ein annan. 

Dei er einige i at gutar med overdådig pynt kan bli sett ned på. 

– Det kan verke litt «zesty», meiner ein av gutane.

Powered by Labrador CMS