Ein av fire medisinstudentar fekk forsinka sensur

Skulle ha møte om forsinka sensur – vart forsinka.

SEN. 1600 UiB-studentar fekk forsinka sensur førre vårsemester.
Publisert Sist oppdatert

ANTAL STUDENTAR SOM FEKK FORSINKA SENSUR VÅREN 2018

  • Juridisk fakultet: 703
  • Psykologisk fakultet: 109
  • Samfunnsvitenskapelig fakultet: 179
  • Matematisk-naturvitenskapelig fakultet: 6
  • Humanistisk fakultet: 176
  • Medisinsk fakultet: 475
  • Kunst, musikk og design: Ikkje talfesta

– Alle studentar veit at viss du ikkje leverer eksamen innan klokka 14:00 så vil den ikkje bli vurdert i det heile tatt. Slik burde det også vore for sensur.

Dette seier Andreas Trohjell, fag- og forskningsansvarlig i Arbeidsutvalget ved Universitetet i Bergen (UiB).

I haust skreiv Studvest ei sak om at UiB ville leggje eventuell bøtelegging av forsinka sensur på hylla fram til januar 2019.

Då skulle dei ha eit nytt møte for igjen å snakke om saka. Det møtet er no utsatt på ubestemt tid.

Sist saka var oppe, blei det ifølge viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, beslutta å utsette bøtelegging for andre gong. Grunnen var at Utdanningsutvalet ville vurdere å setje ei maksgrense på kor mykje kvart fakultet må betale i bøter. Då trong dei å få inn reelle tal for å sjå kor denne maksgrensa burde vere.

No er talla for vårsemesteret klare. Over 1600 studentar vart berørt av forsinka sensur. Det hadde resultert i ei samla bot på 605 720 kroner.

STRAFF. Andreas Trohjell vil få på plass bøter for fakulteta som ikkje gir tilbake eksamen i tide.

Det medisinske fakultet verst

Det blir blant anna foreslått følgjande retningslinjer for eit maksgrensebeløp:

«Forsinkelser i sensur blir beregnet en gang i året. Det settes et samlet maksimumbeløp per fakultet, slik at bøter for forsinket sensur ikke kan overstige kr 200 000 for ett studieår.».

Dette betyr at for berre vårsemesteret i 2018 ville Det medisinske fakultet allereie ha overstige denne beløpsgrensa med over dobbelt så mykje.

Heile 27 emne ved fakultetet hadde forsinka sensur med minimum tre dagar i semesteret. Dette resulterte i over 475 berørte studentar, og ei simulert bot på 467 800 kroner, om ordninga hadde blitt vedtatt på neste møte.

Det vil seie at ein fjerdedel av alle medisinstudentar i Bergen opplevde forsinka sensur førre vårsemester.

Prodekan for utdanning på Det medisinske fakultet, Steinar Hunskår, peikar på tre mulige grunnar for at så mange emne har forsinka sensur:

– Den første er at vi ikkje klarer å organisere oss godt nok, fortel han.

MAKSGRENSE. Steinar Hunskår fra Det medisinske fakultet tror ikkje høge bøter gagnar studentane. PRESSEFOTO: UiB

– Den andre er at vi har veldig mange eksterne sensorar som også er vanskeleg med tanke på logistikk. Den siste grunnen er at vi har veldig mange eksamensdatoar som ligg tett opp mot jul og sommar, så vi klarar ikkje å få sensureringsarbeidet gjort.

– Andre fakultet har også eksamen så tett opp mot sommar og jul, men dei klarer likevel å få sensuren innan fristen i større grad enn dykk?

– Det er vi ikkje aleine om, men sensuren skal falle rett over nyttår når alle sensorar har hatt fri. Det medfører ein del fristbrot hjå oss.

Utsatt møte

I følgje Trohjell er møtet om bøtelegging utsatt grunna motstand frå fakulteta og eit ønske frå ledelsen om å la fakulteta få ned tala på eigen hånd.

– Det handlar meir om at ein no ikkje vil gå hardt til verks for fakulteta meiner sjølv at dei er på bedringens veg, og at ei bøtelegging ikkje vil ha effekt, uttaler han.

Trohjell synes maksgrensebeløpet på 200 000 kroner er ei fin grense.

– Vi treng ei maksgrense som er høg nok til at det svir for fakulteta, seier han.

Hunskår frå Det medisinske fakultet synes at dei må vere villig til å diskutere ei maksgrense.

– Hadde vi måtta betale over 450 000 kroner i bot hadde vi måtta sagt opp ei halv professorstilling. Og dersom nokon trur at det hever kvaliteten å seie opp undervisarar så er det svært paradoksalt, konstanterer han.

Trohjell håpar at ein kan sette punktum på debatten når møtet kommer på plass.

– Om det ikkje blir vedtatt bøtelegging blir det utrulig skuffande. Det vil i så fall vise at utdanningsdekanane ikkje er på linje med studentane og Studentparlamentet.

Powered by Labrador CMS