Er du lei av påskekrimmen?

Er du på jakt etter ei bok å lesa i påsken? Fortvil ikkje! Her er fem bøker som du kan lese medan resten av familien er ute på skitur.

Publisert Sist oppdatert

Anten du ser etter ein skikkeleg naglebitar, eller ei historie som spelar seg ut i gatene i Bergen, her er noko for dei fleste.

Sveve Over Vatna (1982)
Forfattar: Ragnar Hovland
Forlag: Samlaget

Denne boka burde vere obligatorisk lesning for alle bergensstudentar. Hovudpersonen skildrar livet i det han skal til å begynne på universitetet. Språket er poetisk. Handlinga spenner mellom møter med sletne kommunistar, flyktige flørtar på fuktige kvelder og ungdommeleg lengsel. Sjølv om handlinga er sett til 70-talet, er skildringane av vår kjære by absolutt gjenkjennelige. Dette er eit kjærleiksbrev til Bergen som eg lett kan signere på.

Feminin Gange (2022)
Forfattar: Molly Øxnevad
Forlag: Oktober
Forside: Samlaget

Denne romanen går inn på diskusjonen om kjønnsroller. Tor og Liam skal til Rikshospitalet fordi Liam er transseksuell og har behov for kjønnsbekreftande behandling. Dei er tidlegare kjærestar. Denne reisa løfter mange spørsmål om deira forhold og kven dei er. Romanen gjer ei realistisk skildring av prosessen med å skifte kjønn og er eit svært viktig bidrag til debatten. I tillegg har boka eit godt og beskrivande språk. Øxnevad skildrar omgjevnadene detaljert, noko som bidreg til å setje stemninga. Romanen er vakker og sårbar på sitt beste, men den kunne gjerne vore lengre for å få samle saman alle trådane. 

Jeg Tror Du Hadde Likt Ulrik (2021)
Forfattar: Jonas Sundquist
Forlag: Cappelen Damm

Denne debutromanen som utfolder seg i studiemiljøet i Oslo treff stort i kjenslespekteret. Theodor har begynt på psykologistudiet og har akkurat møtt Ulrik. Theodor forelsker seg i han men slit med å innrømme for seg sjølv at han er homofil. Han byrjer å leve eit dobbeltliv der han forsøkjer å manøvrere sitt indre kjensleliv og den nye kvardagen som student. Det går ikkje alltid like bra. Dette er ein nydeleg roman som vil tvinge deg til å halde pusten, grine og le høgt. Garantert. 

Jomfruene (2022)
Forfattar: Alex Michaelides
Forlag: Cappelen Damm

Om du er lei av den typiske påskekrimmen, men vil ha spenning, er dette boka. Psykologen Marina reiser til niesa si, Zoe, på Cambridge når studievenninna hennar vert drepen. Marina vert besett av å finne ut kven som drap jenta. Ho kjem i kontakt med eit hemmeleg gruppe som vert kalla Jomfruene. Ho mistenkjer at ein professor står bak drapa og prøver å nøste opp i det når enda ei jente frå gruppa vert drepen. Denne psykologiske thrilleren frå forfattaren av Den Tause Pasient gjer at du sit anspent og følg med gjennom heile boka. Dette er det dei kalla ein «pageturner»! Michaelides skriv fengande og skildringane hans gjer oss frysningar.

Marta Sover (2022)
Forfattar: Romy Hausmann
Forlag: Cappelen Damm

Denne psykologiske thrilleren er full av spenning og er svært kjensleladd. Tidlegare straffedømte Nadja prøver å leve eit vanleg liv i Berlin. Når ei venninne treng hjelp til å kvitte seg med eit lik for å skjule utroskapen for ektemannen, dreg dei til ei hytte for å begrave liket. I hytta ventar ektemannen og planen fell frå kvarandre. No er Nadja fanga og har blitt ei brikke i eit potensielt dødeleg spel der ho er det perfekte offer og morder. Dette er ei marerittaktig bok som det er umogleg å leggje frå seg. Spenninga varer frå første til siste side. Hausmann sitt språk er levande og skildringane hennar gjer at hendingane kjem til live i all si hjarteløyse.

Forside: Cappelen Damm
Forside: Cappelen Damm
Forside: Cappelen Damm
Powered by Labrador CMS