Apropos

Grov urettferd i sjufjellsgropa

Kvifor søren kan me ikkje investere i ein gigantisk hall der alle studentane kan ha eksamen, heilt samstundes?

Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Studvests aproposkalender luke 8: 
Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Spalten har høy forekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med en klype (noen ganger en neve) salt.

Endeleg er tida her, den herlege tida. Snøen ligg (kanskje) snart på bakken, julestemninga senkjer seg, og me får eit etterlengta gjensyn med dei blå gradane.

Her sit me, nok ein gong. Det er kaldt. Det bles. Det er mørkt. Og ikkje minst, eksamenane står i lang, lang rekkje, klokka ringer elleve (osv).

Dette er faktisk ikkje starten på tidenes mest klisjéfylte apropos. Det er nemleg ikkje det nydelege bergensvêret som plagar meg aller mest.

Det er eksamensperioden eg knivar hardast med.

Bergensvinteren kan jo ha sin heilt eigne sjarm. Sjølv om det vanlegvis er aldri så vått mellom brusteinane på Høyden, kan man som regel sjå hint av det kvite gullet på fjelltoppane.

Noko som derimot ikkje har sin eigen sjarm, er urettferd, og i alle fall når denne urettferda rammar deg sjølv.

Eg har likt å tru at eg er ein kar som godt kan unne alle og einkvan noko godt, medan eg godt kan sitje att med nokre kjipe stubbar ein gong i blant.

Men denne seinhausten overraska eg meg sjølv. Grensa for kva eg unner andre er ufatteleg mykje lægre enn eg har trudd til no.

I fjor på denne tida var nemleg eksamensperioden ein leik. Flybilletten til Granca var for lengst bestilt, og eg var klår for å endeleg vinke farvel til regnhovudstaden.

Denne godkjensla er det derimot ikkje teikn til i år.

Karmaen har treft meg, og denne gongen med orkanstyrke.

Det har nemleg gått opp for meg kor stor makt desse universiteta og høgskulane har.

Kvart einaste semester er jo dette noko av det fyrste me som studentar sjekkar når timeplanen for det neste semesteret kjem ut: Når er eksamen?!

Eg veit at eg nettopp har prøvd å snakke opp regngropa vår, som på merkeleg vis har blitt ein kuldegrop den siste tida.

Men eg må innrømme at eg gjerne skulle ha brukt førjulstida mi på ei øygruppe fylt av pensjonistar frå ende til annan enn å plaske nedi denne sjufjellspytten medan nokre andre solrusa studentar vassar rundt i cervezas og agua muy varmt.

Så då er spørsmålet mitt til alle moglege institutt, fakultet og programråd: Kvifor søren kan me ikkje investere i ein gigantisk hall der alle studentane kan ha eksamen, heeeilt samstundes?

Dette er vel den einaste løysinga dersom me ynskjer å få slutt på denne grusomme urettferda som kjem til å gjenta seg semester etter semester dersom ingen tek affære.

Eg blir gjerne med på å spleise, altså.

Powered by Labrador CMS