Hundrevis markerte kvinnedagen: – Jævlig viktig å delta!

I dag markerte hundrevis av studentar og andre kvinnedagen. Her er bileta frå markeringa.

TORGALLMENNINGEN: Klokka 17:00 var Torgallmenninga full av kvinner og menn som bar fargerike paroler med viktige bodskap. FOTO: Ellisif Nygaard.
Publisert Sist oppdatert

Blant dei fleire hundre menneska som møtte på Torgallmenningen den 8. mars i år møtte Studvest studenter som viste sitt engasjement for kvinner sine rettigheiter.

#metoo-kampanjen og hetsen Sumaya Jirde Ali har moteke har vore to årsaker til at fleire har delteke på markeringa. I tillegg til å gå i kvinnetoget, fekk studenten Muna Jibril tilbod om å vere konferansier på arrangementet etter markeringa på Torgallmenningen – noko ho takka ja til.

KONFERANSIER: Muna Jibril er student i Bergen, og vart spurt om å vere konferansier på arrangementet på Scandic Håkonsgaten etter 8. mars-toget. Studvest møtte ho nokre timer før, for å høyre kva hennar hjertesaker er i år. FOTO: Ellisif Nygaard.
– I dag skal eg gå under Palestinakomiteen sin parole “Solidaritet til Palestinske kvinner”. I tillegg tykkjer eg det er viktig å stå opp mot hets av kvinnelige debattanter, særleg med tanke på alt Sumaya Jirde Ali har fått mot seg i det siste. Alt blir gjort vanskelegare for kvinner, og slik skal det ikkje vere, seier Jibril. FOTO: Ellisif Nygaard.
Masterstudent ved Universitet i Bergen, Kristina Vikesen, har møtt opp etter å ha blitt bevisst på omfanget av seksuell trakassering, noko ho seier er ein viktig sak. FOTO: Ellisif Nygaard.
GLAD: – I utgangspunktet skulle eg gå i toget for å støtte Sumaya, men no ser eg at ho er her. Det gjer meg veldig glad, seier Vikesen. FOTO: Ellisif Nygaard.
MANGFALD: Tonje Eide er lokallagsleier for Skeiv Ungdom Hordaland, og student ved UiB. Ho går i toget for interseksjonell feminisme (altså mot at sosiale kategoriar, som kjønn og etnisitet, skal kunne undertrykke), transinkluderande feminisme, og eit rikare kjønnsmangfald. FOTO: Ellisif Nygaard.
SOLIDARITET: Under appellen til Sumaya Jirde Ali kunne ein skimte nokre tårer i studenten Tasbih Hindi sine auge. – Eg er her for å støtte palestinske kvinner, seier ho. FOTO: Ellisif Nygaard.
TRUFASTE: Fleire frå den eldre garde stilte også opp. FOTO: Ellisif Nygaard.
SAMTYKKE: Under Amnesty sin parole gjekk Erlend Danielsen, saman med sin internasjonale venn Gabriel Calvin, for ny samtykkelov. FOTO: Ellisif Nygaard.
INTERNASJONAL FEMINISME: Under parolen til Palestinakomiteen, ropte Oda Vige Helle (tredje f.h.) engasjert til støtte for palestinske kvinner. – Det er særlig viktig å gå i kvinnetoget no som #metoo-kampanjen klart har vist at kvinnekampen ikkje er over.
TYDELIG: Jennifer Gonzalez (andre f.v.) meiner det er “jævlig viktig” å delta på kvinnedagen. – I tillegg tykkjer eg det burde vore meir fokus på transseksuelle og problemstillinger knytta til dette. FOTO: Ellisif Nygaard.
Powered by Labrador CMS