Stinkar av Robin Hood
Nye studentar hever augebryna av prisane på pensumbøker. Kvifor kan me ikkje berre låne dei?

Dette er en kommentar. Teksten gir uttrykk for forfatterens egne meninger.
Kvart semester møter førsteårsstudentane ei brutal sanning: pensumbøkene kostar flesk. Rekninga kan kome opp i fleire tusenlappar, og mange opplever eit bittert sjokk idet kortet vert drege over terminalen.
Men kvifor kan ikkje desse bøkene verte tilgjengelege gjennom utlån i regi av universiteta?
I ei tid der samfunnet elles ønskjer meir gjenbruk og redusert forbruk, er det merkeleg at pensumlitteraturen står utanfor. Stadig fleire studentar tyr derfor til gjenbrukstenester som Bookis eller iBok for å selje og kjøpe brukt.
Det sparar både lommeboka og klima, og ifølgje Cappelen Damm sin klimarapport frå 2023 utgjer utsleppet frå produksjonen av ei bok 474 gram CO2, dette utgjer mange kilo år for år.
At dei tilsette i høgare utdanning er med å skriv fagbøkene brukt i undervisninga er i seg sjølv positivt. Problemet er at systemet legg opp til at kvart einaste studentkull skal kjøpe desse bøkene på nytt, år etter år.
Openbert må forlaga gå i pluss, men er dei økonomiske resultata verkeleg så svake, at det er naudsynt å tømme studentlommeboka gong på gong? Feire av bøkene studentane kjøpar treng dei ofte berre i eit semester – i ettertid vil nokre av dei heldige få selt dei til medstudentar. Hugsar du «Robin Hood»? For dette stinkar av økonomisk omfordeling frå dei fattige studentane til forleggjarane.
Prinsippet om gratis utdanning er godt forankra i Noreg. I grunnskulen og på vidaregåande får elevane lærebøker utan kostnad – det same burde gjelde i høgare utdanning.
Prinsippet gjeld faktisk også i høgare utdanning, berre ikkje for bøkene studentane må ta i bruk. At ein som vidaregåandeelev kunne låne bøker, men som universitetsstudent må punge ut for same type ressursar, er eit paradoks.
Må høgare utdanning verkeleg vere eit likskapsteikn med høge bokutgifter?
Universiteta bør sjølv stå for innkjøp av pensumlitteraturen dei krev at studentane har. Me har allereie biblioteka, me manglar berre dei gratis bøkene.