Delikat stål, personlege historiar og maraton

Årets masterutstilling skuffa ikkje.

POPULÆRT: Anmeldaren meiner det er openbert at masterutstillinga på Bergen Kunsthall er blitt ein av vårens store kunstopplevingar.
Publisert Sist oppdatert

Kva, kven, kvar:

«This is personal», årleg kunstutstilling av masterstudentane ved KMD, som blir vist på Bergen Kunsthall.

Kunstnarar: Ylva Teigen Aas, Anine Aasen, Souf Alon, Susanna Antonsson, Ali Reza Ashoori, Karl Bird, Trude Bredholt, Marius Eid, Jonas Erboe, Katinka Halland, River Hongjie He, alphie hubbard, Arild Horvei Instanes, Pooyan Jalilvand, Pouria Kazemi, Ebba Kruse, Per-Erik Larsen, Moana Le Meur, Miriam Levi, Madelen Isa Lindgren, Rui Liu, Chloé Malloggi, Sara Cecilie Miran, Sebastian Jensen Mølsted, Masja Katrina Modrow Nødtvedt, Claudia Olsen, Oda Skaathun, Nora Martine Hjelle Strand, Andreas Aicka Thomsen, Ingeborg Tysse, Morten Underbjerg, Frida Agerhus Vikström

Når: 19.april – 05.mai

Kvar: Bergen Kunsthall

Eit av dei sikre vårteikna i Bergen er når masterstudentane på kunstakademiet hjå fakultet for kunst musikk og design (KMD) tek over Bergen kunsthall for årets masterutstilling.

Og i år starta dei med eit smell. Det var lange køar og utvida tid i utstillinga då dei opna fredag førre veke. Dette er openbert ein av vårens store kunstopplevingar.

Sidan dette er ei utstilling med 32 individuelle kunstnarar er det vanskeleg å samle alle verka underk ein felles raud tråd. Dette er noko det kuratoriske teamet har tenkt på.

GRESKE VASAR: Rest is History av Jonas Erboe utforskar maratonet.

Maratonkunstnaren

Noko av det første som møter oss i Sal 1 er hundre små vasar i glasert teracotta på golvet. Dette er Rest is History av Jonas Erboe.

Kunstnaren er ein ivrig løper, og i dette verket undersøkjer han kunsten å springe. Vasane minnar om greske vasar frå antikken. Desse vasane vart teikna på, og fortalde historiar og myter om greske gudar og heltar.

BREVSKRIVING: På baksida av verket heng eit brev Strand har skrive. I brevet ber forfattaren om orsak for noko ho har gjort.

Erboe har laga alle vasane med forskjellige illustrasjonar - mellom anna ein som etterliknar dei originale vasane med mytiske forteljingar, ein med Barbie, Harry Potter og OL-ringane, for å nemne nokon. Referansen til antikken, og maraton som metafor gjer at anmeldaren trekk på smilebandet. Du har vel vore på Harry Potter-maraton du og?

Piknik

På bakerste vegg i Sal 1 møter vi Nora Martine Hjelle Strand sitt verk Alle jentene mine <3 Kom tilbake til meg! som er ei stor tekstil-installasjon som heng på veggen. I vatteppet har Strand sydd og måla jenter, fuglar, eplebuskar og forskjellige rute-mønster. 

Jentene er i forskjellige aldrar, nokre er små, nokre er vaksne. Dei har alle forskjellige ansiktsuttrykk - flesteparten er smilande og blide, medan nokre har snudd ryggen til og kan verke avvisande. Ei av dei, nummer to øvst til venstre, har eit tomt blikk som vender opp mot himmelen. Lurer på kva ho tenkjer på.

Fargepalettet gjer meg ei deileg vårkjensle, og på grunn av rutene og frukta får eg assosiasjonar til piknik. 

Røter mellom himmel og helvete

RØTER FRÅ HIMMELEN TIL HELVETE: HEAVEN AND HELL IN ROOTS THEY ARE LONG av Madelen Isa Lindgren.
KONTRAST: Halland sitt verk står i sterk kontrast til Lindgren sitt.

Midt i rommet i Sal 2 står ei stålskulptur som strekkjer seg opp og forbi taket. Dette er HEAVEN AND HELL IN ROOTS THEY ARE LONG av Madelen Isa Lindgren. Skulpturen er det anmeldaren trur er vassliljer i blomst, med røter som snor seg opp og ned.

Det er noko hardt, men samstundes delikat over skulpturen. Det harde stålet har blanda seg med den delikate vasslilja, som gjer at stålet vart mjukna opp.

Dette verket står i skarp kontrast til naboverket, Minneknute av Katinka Halland, som er ei installasjon av tekstil i rosa/oransje nyansar som dansar opp mot himmelen. Å setje desse to verka i nærleiken av kvarandre er ei spanande oppleving. 

LANGPERFORMANCE: Souf Alon skal lage ein skulptur medan utstillinga er open.

Forhold mellom kropp og materie

Embodiment av Souf Alon er eit performanceverk. Verket liknar på eit atelier, og består av ein arbeidsbenk med leire og verktøy, ein pidestall på hjul der ho arbeider, ein stol og ein krakk. 

Alon presenterer det performative aspektet av å lage noko, og utforskar forholdet mellom kropp og materie.

Å sjå kunst er vanleg, men då er han ofte ferdiglaga. Her blir vi invitert inn i heile prosessen - frå personen som lagar verket, til det ferdige verket.

FOTOGRAFI: Ylva Teigen Aas har fotografert menneske i alle aldrar i dette verket.

Lengtande

I Sal 4 heng sju fotografi av sju personar, tekne av Ylva Teigen Aas. Verket heitter Om Lengsel.

Personane står med skuldra eller ryggen til oss. Det kan nesten virke som om det er øyra som er hovudmotivet i fotografia.

Det er noko roleg og lengtande, nesten sensuelt over fotografia. Kven lengtar dei etter?

BROWN NOISE: Lydane anmeldaren høyrde i Miran sitt verk var nesten hypnotiserande, og kunne vore på ei brown noise-liste på Spotify.

Sanseleg

I Sal 5 viser Sara Cecilie Miran verket Det ulmer under overfladen (It Smolders Beneath the Surface) som består av keramikk, lydinstallasjonar og ledningar. 

Verket strekkjer seg over eit større område på golvet, med høgtalarar på fleire stader. Lydopptaka er gjort på forskjellige stader i sjøen, og dei keramiske delane er forma som korallar.

Dei ulike komponentane i verket gjer det til ei sanseleg oppleving. 

Harmoni

På grunn av at det er så mange kunstnarar er det ikkje noko gjennomgåande tema på denne utstillinga. Eg tykkjer likevel at eg ser ei form for samanheng gjennom ho. 

Det er ei harmoni mellom verka som står saman, sjølv om dei har ingenting med kvarandre å gjere. Dei snakkar saman.

Dette er ei utstilling du ikkje vil gå glipp av.

Powered by Labrador CMS