Den store istesten

Studvest testar is som er ny på marknaden denne sommaren - eit par av dei imponerer skikkeleg

TUTTIFRUTTI: Her er det is i alle smakar
Publisert Sist oppdatert

Det er eksamenstid i Studentbergen og vi har aldri hatt så høge maitemperaturar før. Det er med andre ord på tide med ein is eller to. Men kva for ein skal du velje? Det tryggaste er å gå for ein av favorittane, men då går ein glipp av det som finst av ny is. Men om ein går for den nye isen er det ein risiko for at den ikkje er så god som den ser ut på pakninga. Heldigvis for deg har Studvest testa seks av årets nye småisar, slik at du kan gjere eit informert val neste gong du sveittar i matbutikken.

Crème Deluxe – Hennig Olsen

Alminneleg? Berre skinnet som bedrar, isen er god

Den nye Creme-varianten til Hennig Olsen er ein fløyteis med sjokoladesaus, dekt av eit tjukt sjokolade- og karamelltrekk.

Ved første bit blir vi litt skuffa. Den smakar heilt alminneleg karamellis. Men etter ei stund blei det klart kvifor akkurat denne isen har fått namnet «Deluxe». Etter kvart kjenner ein kor god fløyteisen er saman med sjokoladesausen. Dess meir ein et den, dess betre blir den. Deluxe er ein mektig is som dekker alle cravings ein har. Fløyten er fyldig, sjokoladen er søt og karamellen gjev det heile eit fudge-preg som komplimenterer dei andre elementa. Det er som ein av dei gode sjokoladebarane, men på ein ispinne. Det som held isen tilbake er trekket, som kanskje blir litt i overkant mykje. Sjokoladetrekket er litt vel tjukt, og karamellen er for mektig om ein ikkje får nok fløyte i same bit. Det er kanskje litt dumt å bli tørst av ein ispinne.

Karakter: B

Soft Shake Cookie Dough – Hennig Olsen

BAUTA: Ikkje no lengre, no finnest han med bitar av kjeksdeig.

Soft Shake har gjennom heile vårt liv vore ein bauta når det gjeld småis. Den har alltid vore der i fryseboksen på butikken, og vi har alltid visst kva vi kunne forvente av den. Med dei to smakane jordbær og sjokolade har Soft Shake alltid vore eit trygt og godt val. Ein kan og trekke fram Macchiato-smaken som var tilgjengeleg for eit par år sidan, men elles har det vore lite innovasjon på Soft Shake-fronten. Difor kunne ein kjenne ein glede då Hennig Olsen lanserte ein ny smak, nemleg Cookie Dough.

Denne gleda blei med ein gong knust av å faktisk smake isen. Fløyteis med sjokoladesaus skulle ein trudd var ein sikker vinnar, men ikkje denne gong. Fløyten var sånn passe kjedeleg og sjokoladesausen var ikkje av same kvalitet som den dei har i pinneisen sin. Den var alt for søt og konsistensen var melete. Vi måtte grave i begeret for å i det heile tatt finne ein cookie dough-klump, og den var ikkje verdt jakta. At Soft Shake skal etterlikne Ben and Jerry’s-suksessen etter så mange år, og i tillegg få det til så dårleg, er direkte flaut.

Karakter: E

Royal Hvit sjokolade og jordbær – Diplom Is

Heilt kurant: Passe god

Pinneisar som Crème og Royal er is for vaksne. Ungen i familien vil ha ein svær kjeksis eller den nyaste gimmicken på marknaden. Dei vaksne vil ha pinneis av høg kvalitet. Difor er det flott når Royal kjem med ein såpass barnsleg is i ei så vaksen innpakning.

Denne ispinnen gjer akkurat det den lovar; den er ein jordbæris med eit trekk av kvit sjokolade. Ved første bit får ein nesten ein saftisassosiasjon, men så kjem fløyten og dempar inntrykket. Resultatet er ein rund og balansert iskrem. Sjokoladen gjer lite ut av seg, og det er ein god ting. Den har ein distinkt smak som er med å dempe den søte jordbærkremen. Kvit sjokolade er med å skape eit inntrykk av at den som et isen er ein vaksen person med vaksen smak, men ikkje la deg lure: Dette er ein barnsleg is. Den gjer ingenting galt, men til gjengjeld er det ingenting den gjer veldig godt. Den er sånn passe god, enkelt og greitt.

Karakter: C

 

Hockeypulver Supersalt – Diplom Is

NOIR: Men ikkje vin, dette er ein is som passar for dei med mørk instagramfeed.

«Hæ?» Er ein vanleg reaksjon når du fortel folk at det har kome ein Hockeypulver-is. Og det er definitivt sjokkfaktoren som gjer at mange kjøper isen. Likevel er ikkje dette ein så sprø idé om ein tenkjer seg om. Lakris har blitt ein stadig meir populær smak å ha på ting dei siste åra, og dei fleste produsentane har ein lakrispinneis. Å gjere denne idéen eit par hakk saltare kan ein seie er det neste logiske steget.

Og logikken er feilfri, for denne isen får jobben gjort. Isen består av tre delar, nemleg fløyteis med lakrissmak, lakrissaus og lakristrekk med hockeypulver på. Ved første bit blir ein møtt av mykje som skjer på ein gong, men dette kjem seg raskt så snart tunga får rekalibrert seg. Isen er litt søt, mest salt, og veldig god så lenge du likar lakris. Dette er ikkje ein is du kjøper når du har veldig lyst på is, men ein du kjøper når du har lyst på lakris og det er varmt ute. Det er veldig forfriskande med ein så salt is i desse sommardagar, når ein stadig får tilbod om søte frukter og bær, søte leskedrikkar og søt is. Det einaste som er negativt med denne isen er at den er stygg å sjå på, og den er difor ikkje like instagramvennleg, med mindre ein går for det mørke uttrykket i feeden.

Karakter: B

Haaland-is – Hennig Olsen 

LITEN: Mindre enn hovudpersonen

Dette er isnyheita alle snakkar om, mest på grunn av konseptet og ikkje eigentleg på grunn av isen. Drillo-isen var veldig skuffande, men det betyr ikkje at det norske folket ikkje vil ha meir fotball-is. Dette er ein fløyteis med karamell som er dyppa i crispsjokolade. Dei som hadde håpa at isen såg ut som Erling Braut Haaland sjølv kjem til å bli skuffa. Den er nemleg, passande nok, rund som ein ball. Og overraskande liten.

Denne isen er, i motsetning til Haaland sjølv, midt på treet. Den smakar godt, den gjer jo det. Men det er ingenting ved denne isen som gjer at den er verdt å kjøpe på nytt. Den har ein god knas når ein først tek ein bit, litt som den eine sida av Hennig Olsen-klassikaren «Snackis». Men i midten finn vi ein fløyteis med karamell, slik som dei fleste andre fløyteisar med karamell. Den er rett og slett litt kjedeleg, men på ingen måte dårleg. Det er synd at ein is som er laga for den mest spennande norske fotballspelaren i manns minne, ikkje er i nærleiken av å vere like spennande på smak. Den er uambisiøs og alt for trygg.

Karakter: D

 

Splitt – Diplom Is

WINNERWINNER: Is-dinner

Dette er ein is som visstnok var på marknaden på 80-talet, som dei no har relansert i 2024. Dei av oss med kritisk sans vil stille spørsmålet: «Blei den ikkje tatt av marknaden for ein grunn?». For om denne isen har vore vekke frå fryseboksen i førti år, så må det jo vere ein grunn til det. Men på den andre sida, så må det vere ein grunn til at dei har grave førti år tilbake i arkivet for å dra denne smaken tilbake til notida. Uansett, Splitt er ein fløyteis med saftistrekk, derav namnet. Saftisen har smak av melon.

Ved første slikk kjenner vi at saftisen er søt, og overraskande god. Så kjem ein ettersmak dei fleste av oss kjenner att. Om du har prøvd billeg melongodteri, eller om du har ein veldig harry kompis som kjøper melonsnus i Sverige, veit du korleis den kunstige melonsmaken er. Slik er ettersmaken til saftisen, rett nok i låg grad, men likevel. Skuff, tenkte vi. Men så kom vi inn til fløyten. Og når du et saftistrekket saman med fløyteisen, forsvinn denne ettersmaken. Då sit vi att med den friske melonsmaken og ein fyldig kremsmak som komplimenterer det søte. Kombinasjonen av dei to elementa resulterer i ei smaksoppleving utan like. Dei burde definitivt gjere dette med fleire fruktsmakar. Splitt er utvilsamt den beste isen i denne testen, og blir dermed utnemnd til årets nyis.

Karakter: A

Vi treng meir ambisiøs isproduksjon

Dei to isgigantane Hennig Olsen og Diplom Is, har mange tiår med erfaring når det kjem til å lage is. Årets nye isar er ei blanding av gode og dårlege idéar, men ein ting er sikkert. Dei kan når dei vil. Eller rettare sagt, dei kan når dei tør. Framover håpar vi at dei satsar meir på dei sprøe idéane og dei ambisiøse produkta. Om kloden uansett skal bli varmare så burde vi ha meir spennande is å velje mellom.

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS