Når uniforma blir halloweenkostyme: Frå sexy nurse til ekte sjukepleiar

Frå posete arbeidsklede til «sexy nurse» og blodige sjukepleiarar. Sjukepleiarkostymet er framleis ein favoritt til halloween, men kva tenkjer dei framtidige sjukepleiarane om trenden?

SKREKK OG GRU: Hjå Rubens Skattekammer kan ein sjå alt frå skummel sjukepleiar til sexy sjukepleiar.
Publisert

Ned ei rulletrapp hjå Rubens Skattekammer opnar det seg eit rom fylt med fargar, plastikk og falskt blod. Her står lange rekkjer med masker, tilbehøyr og kostyme.

Det er veka før halloween når Studvest møter Jasmina Matuszewska, som er medarbeidar i butikken.

– Det var bra kostymene kom no, for allereie i morgon ventar vi mykje trafikk, seier ho.

Butikken har mobilisert nesten alle dei tilsette til å jobbe i dei utvida opningstidene fram mot den store dagen: Halloween.

Blant vampyrar og Spiderman-kostyme er det særleg nokre kjende yrkesgrupper som går igjen. Politi, sjukepleiarar og fangar er blant dei mest populære kostyma.

Sjølv om sjukepleiarkostymet har vore ein halloweenklassikar i ei årrekkje, fortel Matuszewska at dei faktisk har sett ein auke i salet av nettopp dette kostymet.

– Det er ein trend vi ser både blant dei over 18 og dei over 25 år. Dei vel gjerne litt ulike variantar. Nokre går for dei meir sexy kostyma, medan andre føretrekkjer dei skumle.

Og utvalet er det lite å seie på. Her kan ein nemleg velje mellom både «sexy nurse» og «scary sexy nurse».

TRIOEN: Det er stor valgmulighet innan kategorien «sjukepleiarkostyme».

Framtidig arbeidsuniform 

På Høgskulen på Vestlandet (HVL) sit Vilde Lillefosse (20) og Malene Pedersen Lærum (20) og øver til eksamen i grunnleggjande sjukepleie.

Dei to bergensarane er begge inne i sitt første semester på sjukepleiarstudiet, men har allereie erfaring frå helsesektoren etter å ha jobba på sjukeheim.

– Alt er veldig nytt, men det er veldig kjekt, fortel Lillefosse, og legg til at studiet mellom anna byr på praktiske simuleringar og ferdigheitstrening.

– Vi veit jo at vi har valt eit yrke som byr på visse utfordringar, som underbemanning og til tider ugunstige turnusordningar, seier Lærum.

Ho understrekar likevel at ho så langt er nøgd med studievalet.

Meir posete enn sexy

Begge har altså allereie hatt på seg sjukepleiaruniforma i arbeidslivet. Men kva tenkjer dei eigentleg om at nettopp denne uniforma er eit så populært halloweenkostyme?

– Eg må ærleg innrømme at eg ikkje har filosofert så mykje over det før no, så det er ikkje slik at eg synest det er eit stort problem, seier Lærum.

Ho legg likevel til at tematikken er interessant, og at slike framstillingar kanskje kan få ringverknader for korleis folk ser på yrket.

– Men det er jo veldig stor forskjell på kostyma som er der ute, alt frå dei veldig seksualiserte til dei som kanskje er litt meir skumle, med blod på, påpeikar dei.

HVL: Malene Pedersen Lærum (t.v.) og Vilde Lillefosse studerar sjukepleie hjå HVL. Dei skal ikkje kle seg ut som sjukepleiare med det fyste.

Ein annan grunn til at dei to studentane ikkje kjenner seg særleg igjen i dei typiske halloweenkostyma, er den store forskjellen mellom kostyma og uniformene dei faktisk brukar.

– Eg kan ikkje akkurat seie at eg føler meg sånn superlik dei når eg går rundt i den veldig posete, komfortable uniforma vi brukar på skulen, ler Lærum.

Ho viser til dei typiske norske sjukepleiaruniformene, med store, kvite overdelar og vide bukser med strikk i livet.

– Eg har ei venninne som studerer sjukepleie i København, og berre der har dei ein annan type uniformer, med kjolar som er innsvinga i livet og bukser under. Dei er veldig fine, då, men kanskje hakket meir like desse kostyma, seier Lillefosse.

Langt frå den kvite uniforma

På spørsmål om kvifor dei trur sjukepleiarkostymet er så populært blant unge, peikar studentane på at yrket er godt kjent.

– Det er jo eit yrke mange kjenner til, og kanskje har litt innsikt i også, seier Lærum.

Ho trekkjer fram andre yrkesgrupper, som politi og lærarar, som på same måte er mykje i kontakt med resten av befolkninga.

GOD STEMNING: Til tross for kontroversielle kostymar, synast jentane at Halloween til sjuande og sist er artig.

Dei to sjukepleiarstudentane synest ikkje at folk skal unngå å kle seg ut som sjukepleiarar dersom dei har lyst til det. Men når dei får spørsmål om dei sjølve skal hente inspirasjon frå sitt framtidige yrke denne halloween, har dei heilt andre planar.

– Vilde skal vel vere ei ølflaske saman med venninna si, og eg skal vere Vektor frå Grusomme meg, med pute på magen, ler Lærum, som sjølv var utkledd som Pitbull med skallahette i fjor.

– Jenter er jo vakre

I ein annan del av bygget finn vi Daniel Handeland (23) frå Kvinnherad, som også er i startfasen av sjukepleiarstudiet.

Sjølv har han fleire års arbeidserfaring frå omsorgsbustad og akuttmottak, og er godt kjend med den kvite uniforma.

– Kva synes du om at uniforma du brukar blir nytta som halloweenkostyme?

– Nei, altså, no er jo eg litt inhabil, men det er jo sikkert noko med at det typisk har vore mange kvinner som har dette yrket, og mange synest jo kvinner er veldig vakre, smiler han.

GODT KJEND: Handeland har sett dei hvite uniforma altfor mange gongar før. Sjølv skal han også vere «sexy nurse» på Halloween.

Men han har også erfart ei mindre morosam side ved korleis kvinnelege sjukepleiarar kan bli møtte.

– Eg har jo jobba i denne sektoren i mange år, og har sett at fleire av dei kvinnelege kollegaene mine opplever uønskte hendingar og seksualisering i større grad enn oss menn.

– Kva skal du kle deg ut som i år?

Han smiler lurt og avslører at han faktisk har planar om å bruke uniforma si som kostyme i år.

– Eg veit ikkje heilt om eg får til «sexy nurse», kanskje, men eg tek på uniforma, så får andre bedømme om det er sexy eller skummelt, ler han.

Elskar Halloween

Tilbake på Rubens skattekammer har fleire unge funne vegen på jakt etter årets halloweenkostyme.

Medarbeider Thomas Lalid Valen står bak kassa iført eit ølkostyme, og ser ut til å ha teke halloweenstemninga på alvor.

– Det er ein gøy jobb å ha, trass i at det kan bli veldig hektisk no i slutten av oktober, smiler han.

KOSTYME: Thomas Lalid Valen trives sterkt med å vere kledd ut som ei ølboks på jobb.

Dei tilsette ved skattekammeret legg ikkje skjul på at dei elskar halloween.

– Det er jo tradisjonelt ei amerikansk feiring, men det gjer ingenting. At vi har adoptert ho i Noreg, gjer berre at vi har endå ein ting å feire, smiler Matuszewska.

Powered by Labrador CMS