– Eg har eigentleg lyst til å prate endå meir dialekt
Språkentusiasten Linda Eide har trua på at dialektane består, medan studenten Marianne Mikalsen er nøgd med utvatninga av dialektane.
– Det du snakkar er det du er, seier Linda Eide. Ho trur ikkje dialektane kjem til å døy ut. Dette fortel ho til Studvest, etter å ha delteke på Studentersamfunnet i Bergen sin panelsamtale om kva som skjer med dialekta når bygd møter by. Linda Eide arbeider som språksjovar og programleiar, og er for dei fleste kjent frå «Eides språksjov».
På andre enden av skalaen finn vi psykologistudenten Marianne Mikalsen. Ho kjem frå Kristiansand, men det kan ein ikkje høyre på dialekta hennar. Ho definerer dialekta si som ei oslodialekt med både nordnorske og sørlandske trekk, påverka av foreldra som kjem frå andre delar av Noreg. For Studvest sin utsende høyrest ho ut som ein austlending.
Dialekta si tvitydige tilhøyrsel
– Det er jo klart det heng saman, svarar Eide på spørsmål om kva dialektendringane seier oss om tilhøyringa vår.
Linda Eide minner oss samstundes på at det handlar om ein eigen kjensle av kven ein er. Ho utdjupar at sjølv om ho pratar vossamål, er ho ein borgar i Bergen. Ein kan ha tilhøyrsel til fleire plassar, utan at det minimerar tilhøyringa til korkje heimstaden eller dit ein har flytta.
Studenten Marianne Mikalsen fortel at ho aldri har hatt kristiansandsdialekta, og difor føler ho ikkje på nokon tilhøyrsel til heimstaden gjennom språket.
– Eg føler ikkje at eg er frå Kristiansand, og bryr meg ikkje om eg er herifrå eller derifrå. Eg føler ikkje at der ein bur, er der ein høyrer til. Eg kunne like gjerne vore bergensar, legg ho lurt til.
– Det finst viktigare ting enn dialektar
Ved spørsmål om korleis Mikalsen trur kristiansandsdialekta kjem til å utvikle seg, er ho sikker i saka si.
– Dei fleste pratar kristiansandsdialekt, men den har blitt veldig utvanna blant dei unge. Den djupe og blaute kristiansandsdialekta er det ikkje mange som pratar lenger.
Mikalsen synes at utvatninga av dialekta er ein god ting, men ho poengterer at ho er litt partisk.
– Eg tykkjer det er litt kleint med dialektar generelt. Viss dialekta er skikkeleg brei, og ein prøver å få ho så brei som mogeleg, då er det kleint. Men kanskje er eg litt partisk fordi eg ikkje har dialekt, så eg føler meg litt utanfor.
– Eg vil berre at alle skal bli som meg, legg ho ironisk til.
Avslutningsvis hintar ho til at oslodialekta bør ta over dialektlandskapet i Noreg, og at det berre er naturleg seleksjon om dialektar forsvinn.
Dialektsurr og sjøsjuk
Sjølv har Linda Eide ikkje lagt om dialekta, men ho kjenner folk som har tatt eit medvite val om å endre dialekta, fordi det hjelper dei i karrieren. For Eide sin del har dialekta blitt ein del av merkevara hennar.
– Folk som er veldig musikalske vert kanskje smitta av dialekt, men då skjer det meir ubevisst.
Det kan verke som at det beste alternativet alltid vil vere å køyre på med dei breiaste orda, men Eide drar litt på det.
– Viss eg snakkar til ei forsamling, skal eg seie «alle» eller «adle»? Det er eigentleg «adle» eg vil seie, men eg driv med formidling og kommunikasjon, og då må eg velje det alternativet eg trur fremjar bodskapet mitt best. Men det ville aldri ha fremja bodskapet mitt, om eg tok det veldig normert.
Ved spørsmål på om ho kjenner mange vossingar som har lagt om dialekta, er svaret nei.
– Eg kjenner ikkje så mange som har gjort det med vitande vilje, men somme gjer det for enkelheitas skuld. Dei seier til dømes at på arbeidsplassen min skjønar dei ikkje dialekta.
Det kan vere enklare å bruke eit par austnorske ord, viss ein til dømes arbeidar på sjukehus, forklarar Eide. Men om ein blandar inn for mange austnorske ord kan eg verte sjøsjuk, utdjupar ho.
– Eg er ikkje fordømmande, men det er veldig synd viss folk føler at dei må leggje om dialekta for å nå lengre eller bli forstått.
Språkmedviten og sjølvoptimaliserande
– Viss ein tenkjer at dialektar er ein god ressurs, så er det jo ein slags sympatisk sjølvoptimalisering. Dialekta har du jo fått gratis, og så kan du halde på ho om du vil lage ditt eige særpreg.
Kanskje neste strategi for å bli den beste versjonen av oss sjølv, er å halde på dialekta.
For Eide var det ikkje eit medvite val å halde på dialekta.
– Eg har vel konservert dialekta slik ho var då eg reiste frå Voss, men gudane veit. Det kan hende eg hadde fleire a-endingar før. Eg snakkar jo ikkje som bestemora mi.
Ho har ein eldre bror som har byrja å snakke mykje meir dialekt, og dermed har vendt meir tilbake til det gamle. Eide kjenner seg att i dette, og ho er oppteken av kva type ord ho nyttar.
– For eg er har jo eigentleg lyst til å prate endå meir dialekt.
Når Eide får spørsmål om korleis ho trur ståa vil vere for dialektane i Noreg om 50 år, svarar ho skjemtande. Ho trur ikkje at dei regionale dialektane som bergensk og bymålet i Oslo kjem til å dominere det norske dialektlandskapet.
– Då snakkar ein kanskje heller engelsk, avsluttar ho spøkefullt.