Kva skjer når studentane vert for gode?
Studentfotballen i Bergen har levert ein god sesong. NHHI snusa lenge på opprykk og BIs «Tyngden» kjempa mot nedrykk. Ingen av laga hamna der. Heldigvis vil mange seie. Me har tatt pulsen på laga på tampen av sesongen.
Det er det same kvart år. Kor sterkt vert NHHI? Vil BI-studentane få inn forsterkingar? Og kva med treningane? Gidder folk å møta opp? Kan ein risikere å vinne for mange kampar og rykke opp med alt det stresset det inneber?Dei fleste studentlaga mellom Løvstakken og Fløyen slepp heldigvis å ta stilling til eit slikt spørsmål. For kva er vel eigentleg satsing i studentfotballen? Og toler eit studentlag å kome inn i 3. divisjon?
Satsar ikkje, men vil vinna
Vetle Fostås som er spelande trenar for økonomistudentane frå Helleveien (NHHI) har tenkt tanken. Han veit kva han snakkar om.
– I fjor haust fekk me inn ein del gode spelarar som løfta oss. Me vann kampar og fekk god flyt i 4. divisjon.
Det har vara i heile år.
– Men det er ikkje slik at me satsar, sjølv om me tok mål av oss å vinna 4. divisjon i år.
Som du skjønar: studentfotballen er noko anna. Her blir 4-4-2 og trening aldri viktigare enn spritfestar, seine kveldar i Nygårdsgaten og reduserte kamptroppar.
– Me trenar i snitt to gongar i veka og så spelar me kamp i helgane. Det held fint.
Fostås fortel at årets spelargruppe ikkje har vore like prega av hyppige utskiftingar som tidlegare år. Som alltid er det flusst av spelarar med god røynsle frå høgare divisjonar.
– Me har betre spelarar enn alle laga i divisjonen, dersom ein tek posisjon for posisjon. Me hadde vore det desidert beste laget dersom me hadde satsa litt.
Men det gjer dei ikkje.
– At me har kamp neste dag let me ikkje øydelegga for å dra ut og ha det gøy saman, forklarar økonomistudenten.
I andre enden av skalaen
Erkerival «Tyngden» frå BI og Marineholmen har vore i andre enden av tabellen dette året.
Fostås har sine tankar om «veslebror» som han kallar dei.
– Me er på toppen og dei er på botnen. Dei skulle nok ønskja dei var oss, slik det brukar å vera.
– Dei har ingenting i 4. divisjon å gjera, hiv han inn.
Sjølv om «Tyngden» frå BI rykka opp i fjor, meiner Fostås at dei ikkje vert sett på som ein rival.
– Me ser ikkje på dei som rivalar, då me er såpass mykje betre enn dei. Det er eit lag me skal ta veldig enkelt og greitt, men me har sklidd mot dei i student NM før. Likevel er dette eit lag me er mykje, mykje betre enn, avsluttar NHH-trenaren.
Som eit motsvar får Studvest følgjande melding frå lagleiinga i BI «Tyngden FK»:
– Ein treng ikkje vera rakettforskar for å skjønne at det er forskjell på eit etablert 4. divisjonslag og eit nyopprykka lag. Så all honnør til Fostås skarpe observasjonsevne, skriv han.
– Som lag er me opptatt av å ha det gøy. Me opptrer på same måte som me gjorde i 5. divisjon med tanke på treningar. Altså ein trening i veka og sosiale samankomstar. Sjølv om det har gått litt under forventning denne sesongen, er me ikkje uroa for reisa vidare.
– Heldigvis er det poeng som avgjer kven som har noko å gjera i divisjonen.
– No ser me fram til ein nye kampar mot «velsebror» som har overprestert litt denne sesongen, kontrar BI-gjengen.
Og korleis har det eigentleg gått i kampane mellom dei to studentlaga? 1. mai vann gutane i Helleveien 5- 1 over BI Tyngden. Men i siste seriekamp 25. oktober fekk BI-laget revansje med 2-1 siger. Det gjorde at NHHI enda på 3. plass i avdelinga bak Austevoll. BI klatra med sigeren i siste kamp opp på trygg grunn og enda på ein 8. plass og sikra seg med det fornya kontrakt i 4. divisjon.
Fotballkretsen rosar studentfotballen
Der andre kan irritere seg over den uføreseielege studentfotballen, er det andre tonar å høyra i Torstein Pedersen, konkurransekonsulent i Noregs Fotballforbund (NFF) Hordaland.
– Det er bra at klubber som Juristforeningen, BI Athletics og NHHI deltar i det organiserte seriespelet. Me har også eit godt samarbeid med studentane når det gjeld bruken av Rautjern og Landås-banen til gjennomføring av studentseriar.
Å snakka høgt om sanksjonar og straff for studentlaga som kan «bremsa seg sjølve» i å rykka opp, ser han ikkje vitsen med å diskutera.
– Me har ikkje opplevd at lag har tapt med vilje, difor har me heller ikkje nokon eksempel på sanksjonar i forhold til det. Studentfotballen er eit positivt tilskot til det organiserte seriespelet.
– Den største utfordringa er nok at det er vanskeleg for studentlaga å stille til kampar utover i juni og i første halvdel av august. Ei anna utfordring kan vera at klubbleiinga i studentlaga skiftes ut med jamne mellomrom, fordi man er ferdig med studiane. Men det opplever me i fotballkretsen at laga løyser bra, fortel han.