Loe gjer seg bra på scena, men noko manglar

For fyrste gong er boka «Muleum» av Erlend Loe gjort om til teater i Norge. Immaturus får fram essensen, men mistar noko i adaptasjonen.

IMPONERANDE: Sunniva Løberg Hvidsten får skryt av anmeldaren.
Publisert Sist oppdatert

«Muleum» Studentteateret Immaturus

Hvor: Kvarteret

Når: 9. - 16. mars

Hvem: Sunniva Løberg Hvidsten, Esteban Motamayor, Nathalie Rodriguez og Kristian Trøyborg

Regi: Johanna Johansen

Manusadapter: Malin Sunde

Produksjonsleder: Torleif Villmones Mæhre

Laurdag 9. mars hadde Studentteateret Immaturus urpremiere på adaptasjonen sin av «Muleum», ein roman av Erlend Loe frå 2007. Det er ikkje lett å sjå for seg korleis boka kan omsetjast til teaterscena, ho er nemleg skrive i dagbokform. Adaptasjonsjobben til Malin Hannesdatter Sunde og regien til Johanna Louise Johansen gjer det likevel tydeleg: Jo, Muleum kan godt bli bra teater.

Muleum handlar om den 18 år gamle rikmannsdottera Julie (spelt av Sunniva Løberg Hvidsten) som nyleg mista heile familien i ein flystyrt. Ho er knust, og ser til slutt ingen anna utveg enn å ta sitt eige liv. Når forsøket hennar mislykkast, finn ho ut at ho heller skal reise rundt i verda og oppsøke farlege situasjonar, slik at ho endeleg kan døy og treffe familien sin igjen. Heime hos Julie bur den polske leigearbeidaren Kryzstof (spelt av Esteban Motamayor), som held på med å flislegge bassenget. I tillegg får vi treffe Julie si bestevenninne, den godhjerta hestejenta Constanse (spelt av Nathalie Rodriguez) og Julie sin psykiater Geir, oftast kalla Psykogeir (spelt av Kristian Trøyborg).

BASSENG: Det er minimale kulissar i Muleum som teaterversjon

Rot på scena og kreative effektar

Publikum møtast utanfor teaterscena. Litt over klokka sju blir vi ønskt velkommen av ei stemme over høgtalaranlegget, og vi beveger oss i kø inn til sjølve scenerommet. Det kjennes nett som å gå om bord på eit fly, særleg på grunn av dei refleksgule stripene i golvet og den durande bakgrunnsstøyen. Stemninga i publikum er forventingsfull under boarding. Så snart alle finn setene sine, startar stykket.

Kulissane er ganske minimale. Bakveggen er dekorert med fargerike svampar som skal førestille bassengfliser, og resten av rommet er fylt med flyttekassar og lause gjenstandar som er strøydd rundt. Dette er Julie sitt hus, og scena gjennom heile stykket, sjølv om handlinga finn stad fleire plassar. 

EFFEKTIVT LYS: Kudos til lysfolka!

Det minimale scenebiletet er ei svakheit, men det blir til dels gjort opp for med smart rekvisittbruk og gode lys- og lydeffektar. Den dynamiske lysbruken gjer at ein ikkje ser seg lei av det elles statiske scenebiletet, og er med på å markere endringar i både lokasjon og sinnstemningar. Stykket har ikkje tydelege sceneskifte og handlinga er meir eller mindre samanhengande. Desto meir imponerande er det at dei har klart å gøyme både kostyme, møblement og rekvisittar i rotet på scena. Slik glir dei meir eller mindre saumlaust mellom dei ulike settingane.

Utmerka skodespel

Stykket si største styrke er utvilsamt skodespelet. Alle fire leverer godt, og det er spesielt det nonverbale som imponerer. Særleg Hvidsten skal ha skryt, då ho gjer ein utmerka jobb med å balansere humoren og dei mørkar sidene ved Julie. Det kan ikkje vere lett å spele ut ein dagbokroman utan å ty til for mange monologar, men det blir ikkje eit problem her. Ho arbeider godt med kulissane og rekvisittane, og ho klarar å fysisk få fram karakteren sine kjensler ved å både rydde og rote, slenge rundt seg med julepynt, bla i fotoalbum og ete chips. Når ho i tillegg gjer alt dette samanhengande, nesten utan å forlate scenen, kan ein ikkje bli anna enn imponert. Ho har i tillegg god kjemi med alle dei andre skodespelarane.

Motamayor gjer òg ein utmerka jobb med Kryzstof. Det verkar til hans fordel at publikum er så nærme scena, for dei små detaljane i ansiktet hans er med å gjere karakteren truverdig og humoristisk. Når han blir skjelt ut av Julie ser vi frykt i auga hans, og han får verkeleg fram dei naive sidene av karakteren i møte med den meir kyniske Julie.

DRAMATISK: Det er mange gode scener i stykket.

Rodriguez og Trøyborg speler godt i lag, og er på sitt sterkaste når Constanse og Psykogeir utviklar romansen sin. Dei er for det meste humoristiske karakterar, og leverer godt på dette. Særleg scena der Constanse ber Geir stryke ho på ryggen var godt gjennomført, og publikum blir både sjarmert av kjemien og forstyrra av aldersforskjellen.

Vanskelege prioriteringar

Immaturus kunne med fordel ha teke seg betre tid, for stykket er ein smule kort. Særleg på slutten går det raskt i svingane. Julie si reise rundt jorda blir ikkje vist fram i like stor grad som i boka, og det går alt for kort tid frå vi får vite at ho tenkjer på å styrte eit fly, til flyet faktisk styrtar. Når ho overlever krasjet og vandrar i den afrikanske ørkenen, er skodespelaren utanfor rommet og ropar inn replikkar. Grepet funkar godt, hadde det ikkje vore for at det vart kutta så fort til den lukkelege slutten med Kryzstof. Det er heller ikkje klart kvifor ho bestemmer seg for å bli saman med han. Stykket tar seg god tid til å bygge karakterar og vise dynamikken mellom dei, men det tapar seg inn i andre halvdel.

GOD KJEMI: Skodespelarane gjer ein god jobb og har god kjemi

Det er klart at ein må korte ned handlinga når det er snakk om ei såpass lang bok, men eg sakna eit par scener frå kjeldematerialet. Spesielt den koreanske skøyteløparen og det at Julie blir gravid er eksklusjonar eg ikkje veit om eg kan leve med. På den andre sida er endringa frå eit mislykka hengingsforsøk til ei pilleoverdose både smakfull og praktisk enklare å få til på teaterscena.

Immaturus gjer ein god jobb med å fange essensen av romanen, og leverer ei framsyning med sjarm, kjensler og ikkje minst humor. Likevel kjennes ikkje dette ut som ein fullstendig adaptasjon, og ein går ut av salen med lyst på meir av det ein nett har sett. Å etterlate publikum med meirsmak er kanskje ikkje det verste eit stykke kan gjere, men det får vere måte på. 

Powered by Labrador CMS