Kultur

Kvarteret med eit underskot på 2,3 millionar kroner

I november rekna Kvarteret dei skulle gå 1 million i underskot for 2022. No viser årsregnskapet eit underskot på det dobbelte.

DÅRLEGARE OG DÅRLEGARE: – Me såg jo gradvis at det vart dårlegare og dårlegare, seier økonomiansvarleg, Claus Kristian von Münchow, om 2022. Her med dagleg leiar Sara Mørland. FOTO: Maiwenn Knapskog
Publisert Sist oppdatert

Studvest skreiv i november i fjor at Det Akademiske Kvarter låg an til eit underskot på ein million kroner.

No, eit halvt år seinare, viser årsrekneskapet at tapet er meir enn dobla, til 2.3 millionar kroner.

– Dei siste månadene var så mykje dårlegare enn dei andre. Det var færre arrangement enn planlagt, og dei trakk ikkje like mykje som me hadde håpa, seier avtroppande dagleg leiar for Kvarteret, Sara Mørland.

Rekordunderskot

Då Studvest intervjua Mørland i november, hadde dei berre rekneskapstala for 2022 fram til september månad, fortel ho. Då antok dei at underskotet ville ende på ein million kroner.

Kvarteret gjekk altså endå ein million i underskot dei siste månadene av 2022.

Månadsrapportane viser at dei gjekk 506.406 kroner i minus i november og 708.990 kroner i desember. I oktober gjekk dei i pluss 105.876 kroner.

Sidan Kvarteret vart etablert i 1995, har underskotet aldri vore høgare enn det var i 2022.

– Kva var det som endra seg dei siste månadene av 2022?

– Me såg jo gradvis at det vart dårlegare og dårlegare, og det kom svært mange utgifter dei siste månadene, fortel avtroppande økonomiansvarleg for Kvarteret, Claus Kristian von Münchow.

I tillegg vart det kutt i opningstidene grunna mangel på frivillige.

Mørland fortel også at nokre arrangement og andre planlagde inntekter ikkje vart noko av.

– Det kom også ei ny prisauking på det tidspunktet, noko som var eit ganske ukontrollerbart moment for vår del, meiner Mørland.

REKKRUTERING: Ulike delar av Kvarteret rekrutterer. FOTO: Truls Skram Lerø

Kvarteret sitt rekneskap viser at dei har 900.000 kroner meir i varekostnader i 2022, samanlikna med 2021.

Mørland fortel at dei aukingane har tilsagt at dei skulle gå ein million i underskot. Grunna ei kontinuerleg auking i vareprisar hjå leverandørar, så har prisane på innkjøpsvarer auka mykje raskare enn kva Kvarteret har gjort, understrekar Mørland.

– Det gjer at me vart trefte hardare av varekostnader og utgifter, fordi storleiken på studentlommeboka ikkje auker i takt med varekostnadane. Det var heller ikkje eit alternativ for oss å stenge eller redusere opningstidene meir for å kutte i faste kostnader. Det ville kutta i tilbodet til studentane, seier ho.

Vil ikkje auke prisane

Trass ei auking i varekostnader, vil ikkje Mørland auke prisane på Kvarteret. Ho fortel at dei gjorde dei fleste tiltaka dei trong i årsskiftet, og at dei ligg godt an for budsjettet i 2023.

– Det er veldig innskrenka i forhold til det me tidlegare har hatt, og me har gjort mange kutt me ikkje synast er kjekt å gjere.

Mørland fortel at dei blant anna har måtta redusera sosialpengane til dei ulike arbeidsgruppene og frivillige med 25 prosent. I tillegg har dei slanka vareutvalet, slik at ein ikkje treng å kjøpe inn like mange varer.

– Me har hatt færre frivillige. Det gjer at opningstidene har vore redusert, og dermed smalnar heile inntektsgrunnlaget inn, seier Mørland som legg til at dei ser ein positiv trend når det gjeld frivillige.

Drastiske endringar i 2023
STYREVAL: Kvarteret hadde generalforsamlinga si i helga. Der vart ny leiar og nytt styre valt. FOTO: Truls Skram Lerø

– Det er ganske drastiske endringar i budsjettet for 2023. I revideringa såg me på korleis det gjekk no, og så såg me på korleis det gjekk før pandemien, og prøvde å finne balansen mellom dei to, fortel Münchow.

Vidare fortel han at det er mykje som er lågare enn det det var i 2022, og at dei prøver å kutte der dei kan.

– Likevel reknar me med at salet vil verte høgare enn det det var i fjor, og foreløpig har me sett at dette er tilfellet. Me ser på kva som faktisk er reelt, understrekar Münchow.

– Budsjettet for 2022 var litt optimistisk, medan budsjettet for 2023 er nok veldig pessimistisk, seier Mørland.

Dei fortel at dei har lagt seg på eit nivå der dei ser på kva som er det minste og høgaste dei kan tene, og prøvd å finne ein balanse. Og foreløpig har det fungert.

– Me har oppnådd budsjettet no i mykje større grad enn de me hadde på denne tida i fjor, og har derfor eit mål og håp om å kome litt i overskot til neste år, opplyser Mørland.

Ho fortel at budsjettet per no legg opp til at dei skal gå 100.000 kroner i minus. Likevel har dei håp om at eit nytt konsept, «00.11», eit arrangement Kvarteret står bak, skal gjere susen.

Fjorårets SommerKvarteret var ein av grunnane til underskotet. Mørland understrekar at dei likevel skal gjennomføre den kommersielle drifta i år.

– Ein dårleg sommar kan ikkje stoppe det som har vore positivt i 27 av 28 år, seier ho.

PESSIMISTISK: – Budsjettet for 2022 var litt optimistisk, medan budsjettet for 2023 er veldig pessimistisk, seiar daglig leder for Kvarteret. FOTO: Truls Skram Lerø (arkiv)

LES OGSÅ: HVL-band gikk rett til topps i internasjonal konkurranse

LES OGSÅ: Driblende følelser ble til album

Powered by Labrador CMS